Atrå Samfunnshus: Forskjell mellom sideversjoner

Lagt til litteratur, div. korrektur.
(Ny side: '''Atrå samfunnshus''' vart opna den 27. november 1960 etter ein lang planleggingsprosess som starta like etter andre verdskrig. Huset vart plassert på Dugningshaugen, som har vore...)
 
(Lagt til litteratur, div. korrektur.)
Linje 2: Linje 2:


== Bakgrunn – Sognehuset ==  
== Bakgrunn – Sognehuset ==  
På slutten av 1800-talet var det ei bølgje av foreiningsdanningar i Atrå: Skilaget, Ungdomslaget og Skyttarlaget vart oppretta i åra fram mot hundreårsskiftet. Alle desse laga heldt møter i det såkalla Sognehuset, som låg på garden [[Nørstegard]] sin grunn. Sognehuset romma allereie mange ulike funksjonar i lokalsamfunnet, som skule, bibliotek, heradsstyre og bank. Da dei friviljuge laga og foreiningane kom i tilegg, vart påkjenninga og slitasjen på bygget så stor at det melde seg eit behov for eit nytt og større bygg. Mange meinte at bygget var «ein skam» for kommunen. Tanken om eit nybygg melde seg i løpet av [[mellomkrigstida]], men både dårleg økonomi, politiske spenningar og interessemotsetnader i lokalsamfunnet gjorde det vanskeleg for bygdefolket å bli samde om korleis ein skulle løyse problemet.  
På slutten av 1800-talet var det ei bølgje av foreiningsdanningar i Atrå: Skilaget, Ungdomslaget og Skyttarlaget vart oppretta i åra fram mot hundreårsskiftet. Alle desse laga heldt møte i det såkalla Sognehuset, som låg på garden [[Nørstegard]] sin grunn. Sognehuset romma allereie mange ulike funksjonar i lokalsamfunnet, som skule, bibliotek, heradsstyre og bank. Da dei friviljuge laga og foreiningane kom i tilegg, vart påkjenninga og slitasjen på bygget så stor at det melde seg eit behov for eit nytt og større bygg. Mange meinte at bygget var «ei skam» for kommunen. Tanken om eit nybygg melde seg i løpet av [[mellomkrigstida]], men både dårleg økonomi, politiske spenningar og interessemotsetnader i lokalsamfunnet gjorde det vanskeleg for bygdefolket å bli samde om korleis ein skulle løyse problemet.  


== Planlegginga og bygginga ==
== Planlegginga og bygginga ==
[[Atrå kommunistlag]] tok initiativet til å byggje nytt samfunnshus vinteren 1946. Dei inviterte ei rad lag og foreiningar til eit innleiande møte om saka den 17. februar. Der vart representantar for 20 ulike organisasjonar samde om å stifta ein komité. Frå denne komiteen vart det utpeikt eit arbeidsutval på fem personar som fekk i oppgåve å leie arbeidet med planlegging av samfunnshuset. [[Olav Skårberg]], som representerte skyttarlaget, ei av dei eldste foreiningane i bygda, vart leiar for utvalet. Ein annan av medlemmene, [[Asbjørn Bratterud]] frå Arbeiderlaget, laga ei skisse til forsamlingslokale. På basis av denne skissa utarbeidde arkitekt [[Egil Behrens]] frå [[Porsgrunn]] meir detaljerte teikningar.  
[[Atrå kommunistlag]] tok initiativet til å byggje nytt samfunnshus vinteren 1946. Dei inviterte ei rad lag og foreiningar til eit innleiande møte om saka den 17. februar. Der vart representantar for 20 ulike organisasjonar samde om å stifte ein komité. Frå denne komiteen vart det utpeikt eit arbeidsutval på fem personar som fekk i oppgåve å leie arbeidet med planlegging av samfunnshuset. [[Olav Skårberg]], som representerte skyttarlaget, ei av dei eldste foreiningane i bygda, vart leiar for utvalet. Ein annan av medlemmene, [[Asbjørn Bratterud]] frå Arbeiderlaget, laga ei skisse til forsamlingslokale. På basis av denne skissa utarbeidde arkitekt [[Egil Behrens]] frå [[Porsgrunn]] meir detaljerte teikningar.  


Det vanskelegaste spørsmålet gjaldt lokaliseringa. Fleire alternativ vart diskuterte i dei følgjande åra. I byrjinga av desember 1953 vart det oppretta eit andelslag, AL Atrå Samfunnshus, for å drive prosessen framover. [[Kjetil Lilleland]] tok på seg vervet som styreleiar for andelslaget. Omkring to år seinare – i januar 1955 – samla styret seg om Dugningshaugen som det beste alternativet for plassering av samfunnshuset. Dugningshaugen låg på Tinn prestegard sin grunn, som var eigd av [[Opplysningsvesenets fond]] og Kyrkjedepartementet. Styret i andelslaget og Tinn kommune tok kontakt med Departementet for å få utskilt ei høveleg tomt. Arbeidet med samfunnshuset fall saman med planlegginga av nytt bygg for framhaldsskulen i Atrå, og Tinn kommune reiste spørsmålet om det var mogeleg å lokalisere skulen med samfunnshuset på tomta. Etter ein viss diskusjon var denne løysinga vedteken, og arkitekt [[Øystein Olsen]] fikk oppdraget med å teikne nybygget. Sjølve bygginga vart utført av entreprenør [[Bjarne Kristiansen]] frå [[Kongsberg]]. Huset fekk ei samla gulvflate på 1800 kvadratmeter og besto av scene med ulike fasilitetar, storesal, veslesal, foajé, garderobe, kafeteria, kontor, bibliotek og bustad for vaktmeister. I tillegg fekk framhaldsskulen fem undervisingsrom.  
Det vanskelegaste spørsmålet gjaldt lokaliseringa. Fleire alternativ vart diskuterte i dei følgjande åra. I byrjinga av desember 1953 vart det oppretta eit andelslag, AL Atrå Samfunnshus, for å drive prosessen framover. [[Kjetil Lilleland]] tok på seg vervet som styreleiar for andelslaget. Omkring to år seinare – i januar 1955 – samla styret seg om Dugningshaugen som det beste alternativet for plassering av samfunnshuset. Dugningshaugen låg på Tinn prestegard sin grunn, som var eigd av [[Opplysningsvesenets fond]] og Kyrkjedepartementet. Styret i andelslaget og Tinn kommune tok kontakt med Departementet for å få utskilt ei høveleg tomt. Arbeidet med samfunnshuset fall saman med planlegginga av nytt bygg for framhaldsskulen i Atrå, og Tinn kommune reiste spørsmålet om det var mogeleg å lokalisere skulen med samfunnshuset på tomta. Etter ein viss diskusjon var denne løysinga vedteken, og arkitekt [[Øystein Olsen]] fekk oppdraget med å teikne nybygget. Sjølve bygginga vart utført av entreprenør [[Bjarne Kristiansen]] frå [[Kongsberg]]. Huset fekk ei samla gulvflate på 1800 kvadratmeter og besto av scene med ulike fasilitetar, storesal, veslesal, foajé, garderobe, kafeteria, kontor, bibliotek og bustad for vaktmeister. I tillegg fekk framhaldsskulen fem undervisingsrom.  


== Samfunnshuset: Ideologisk og politisk kontekst ==
== Samfunnshuset: Ideologisk og politisk kontekst ==
Linje 13: Linje 13:


== Huset i bruk – frå 1960 til i dag ==
== Huset i bruk – frå 1960 til i dag ==
Samfunnshuset i Atrå har hatt eit breitt lokalt funksjonsfelt sidan 1960. For det fyrste har huset fungert som kulturlivets nav. Heilt frå starten har Atrå folkeboksamling hatt eit kontinuerleg tilhald i huset. Da bygdekinoen vart starta opp i 1961, fekk også den plass i samfunnshuset. Ved sida av Riksteateret, Riksgalleriet og Rikskonsertane, var bygdekinoen eit tiltak staten satsa sterkt på i året etter krigen. Men på slutten av 1980-tallet fall ordninga bort for Atrå sitt vedkommande. Før [[Atråhallen]] vart opne i 1997, var storesalen i samfunnshuset mykje nytta av Tinn Skilag, som arrangerte trimkveldar og ballspel i salen. Huset har også vore nytta av ulike lag og organisasjonar til dansefestar og anna moro. Mange private arrangement som konfirmasjonar, bryllaup og gravferder har også vore arrangert i huset.  
Samfunnshuset i Atrå har hatt eit breitt lokalt funksjonsfelt sidan 1960. For det fyrste har huset fungert som kulturlivets nav. Heilt frå starten har Atrå folkeboksamling hatt eit kontinuerleg tilhald i huset. Da bygdekinoen vart starta opp i 1961, fekk også plass i samfunnshuset. Ved sida av Riksteateret, Riksgalleriet og Rikskonsertane, var bygdekinoen eit tiltak staten satsa sterkt på i året etter krigen. Men på slutten av 1980-tallet fall ordninga bort for Atrå sitt vedkommande. Før [[Atråhallen]] vart opne i 1997, var storesalen i samfunnshuset mykje nytta av Tinn Skilag, som arrangerte trimkveldar og ballspel i salen. Huset har også vore nytta av ulike lag og organisasjonar til dansefestar og anna moro. Mange private arrangement som konfirmasjonar, bryllaup og gravferder har også vore arrangert i huset.  


Ved sidan av denne breie sosiale og kulturelle funksjonen i bygda, har fleire offentlege kontor og private verksemder hatt tilhald i samfunnshuset. I dei fyrste 20 åra var det legekontor og kontor for helsesyster i lokala. Vidare hadde Jordstyrekontoret og seinare Landbrukskontoret kontorplass i bygget. [[Tinn Sparebank]] flytta sin filial i Atrå til samfunnshuset i 1965, men dette tilbodet kom berre til å vare nokre. Da Landbrukskontoret flytta ut i 1982, kom det derimot ein søknad frå ein annen bank, Postbanken, om å leige lokalar. Det blei underteikna avtale og banken fekk tilhald i Åtrå samfunnshus heile 16 år.
Ved sidan av denne breie sosiale og kulturelle funksjonen i bygda, har fleire offentlege kontor og private verksemder hatt tilhald i samfunnshuset. I dei fyrste 20 åra var det legekontor og kontor for helsesyster i lokala. Vidare hadde Jordstyrekontoret og seinare Landbrukskontoret kontorplass i bygget. [[Tinn Sparebank]] flytta sin filial i Atrå til samfunnshuset i 1965, men dette tilbodet kom berre til å vare nokre. Da Landbrukskontoret flytta ut i 1982, kom det derimot ein søknad frå ein annen bank, Postbanken, om å leige lokalar. Det blei underteikna avtale, og banken fekk tilhald i Åtrå samfunnshus heile 16 år.
 
== Litteratur ==
*Espeland, Per: ''Atrå Samfunnshus 1960-2010'', Styret for Atrå Samfunnshus 2011.
*NOU 2013: 4, ''Kulturutredningen''.
*Slagstad, Rune: ''De nasjonale strateger'', Pax Forlag AS 1998.
Veiledere, Administratorer
2 308

redigeringer