Aure Auto Senter

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 24. aug. 2014 kl. 09:24 av Eldar Høidal (samtale | bidrag) (Ny side: '''Aure Auto Senter AS''' var ein bensinstasjon og bilverkstad i Sykkylven. Det var Norsk Brændselolje AS som bygde anlegget på Klokkehaugen i 1954. Første tida vart det drive und...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Aure Auto Senter AS var ein bensinstasjon og bilverkstad i Sykkylven. Det var Norsk Brændselolje AS som bygde anlegget på Klokkehaugen i 1954. Første tida vart det drive under firmanamnet BP-stasjonen Klokkehaug som bensinstasjon og autorisert bilverksted av Lars Frøysa og Rolf Melseth. Rolf Melseth gjekk ut av firmaet i 1969, og Lars Frøysa dreiv åleine til 1971. Då overtok Anders Hauge og Harald Bratli, og skifte firmanamnet BP-centeret. Drifta vart som før.

Norol (Norsk Olje A.S) overtok Norsk Brændselolje A/S i 1976, og firmanamnet på stasjonen vart frå då av Aure Auto Senter. Frå 1982 var firmaet aksjeselskap med Harald Bratli som dagleg leiar.

Aure Auto Senter A.S hadde omkring 1980 seks fast tilsette, dessutan noko deltidshjelp.

Etter kvart vart namnet på stasjonen endra til Statoil, og drifta av bensinstasjonen og verkstaden vart skilt. Lenge var det Gunnar Wåler som stod som driftsansvarleg for bensinstasjonen. Her var det også sal av diverse varmrettar og nokre kolonialvarer i tillegg til vanlege bilrekvisita. Det var mange som nytta dette tilbodet til å få ferske matvarer, til dømes etter daglegvareforretningane sine stengetider eller helgedagane.

Statoilstasjonen og bilverkstaden på Klokkehaugen vart avvikla i 2012. Statoil flytte bensinstasjonen til den tidlegare Esso-stasjonen på Vik.

Kjelde:

  • Jon Hole: Handelsnæringa i Sykkylven. Sykkylven 1982.