Aure historielag: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Linje 46: Linje 46:
== Publikasjonar ==
== Publikasjonar ==
    
    
I 1995 ble det  utgitt et Minnskrift for Aure og Stemshaug, Krigen 1940 – 1945.
*I perioden 1996-2007 kom  lagets årbok, ''TU AURGJELDA'' ut. Etter kommunesammenslåinga med [[Tustna kommune|Tustna]] i 2007 vart namnet endra til ''Årbok .... Aure Historielag''. Alle medlemmene får årboka før jul.
       
*I 1995 vart det utgitt eit minneskrift for Aure og Stemshaug, om krigen 1940–1945.
i perioden 1996-2007 kom  lagets årbok,"TU AURGJELDA" ut. Etter     kommunesammenslåinga i 2007 ble navnet endret til "Årbok .... Aure Historielag". Årboka gis til alle medlemmer nå før jul.  
*Laget har dessutan gitt ut kalendrar med lokale, kulturelle tema.
 
Foruten  "Årboka", har vi de 3 siste årene gitt ut kalendre med lokale, kulturelle tema.
 
I 2017-18-19 gav vi også ut  kalendere. Bøker og kalendere selges i butikkene.
 
Det forefinnes  både "Gamle ord og uttrykk" og "Gamle bilder fra Aure"


==Kjelder==
==Kjelder==

Sideversjonen fra 16. jun. 2021 kl. 07:35

Arbeid pågår: Vennligst ikke rediger artikkelen mens arbeidet pågår. Se redigeringshistorikken for detaljer.

Det har trolig ikke vært gjort noen endringer på artikkelen den siste uka. I så fall kan denne markeringa fjernes, men sjekk redigeringshistorikken og eventuelt diskusjonssida først.

Aure historielag i Aure kommuneNordmøre vart grunnlagt 27. mai 1993. Historielaget har gjeve ut årbøker sidan 1995. Den første heitte Krigsminneshefte 1995; frå 1996 til 2007 heitte årbøkene «Tu Aurgjelda»; og sidan 2008 har namnet vore Aure Historielag : årbok. I tillegg til hovudlaget er historielaget engasjert i Kjerkbåtlaget Fjordamerra, Melland Forts Venner og Kråksundet sjøbruksmuseum. Laget «har som formål å styrke interesse og forståing for tidlegare tiders liv og levekår, med særleg vekt på lokal historie og kultur».

Pr. 2017 har laget 150 betalande medlemmer.

Leiarar

  • 1993-94: Magne Ferstad
  • 1995-97: Reidar Lie
  • 1998-99: Bjørnar Torset
  • 2000-01: Ole Henriksø
  • 2002-05: Tor Pettersen
  • 2006-19: Magne Vaag

Blant dei andre viktige personane i historielaget er: Gudbjørg Melland, Olav Eines, Tor Pettersen, Reidar Lie, Magne Ferstad, Harald Kalland, Anders S. Todal, Liv Klaksvik, Gerd Bergfall, Unni Elden Todal og Hallvard Djupvik.

Hovudaktivitetar

Dagleg drift i form av styremøte, 3-4 årlege arrangement der temaet har vore lokal kultur. Siden 2003 har laget årleg skipa til Årets Kulturminnedagar

2005 fekk laget ein gåve etter NRK-reporter og journalist Erling Magne Taftø. Denne inneheldt om lag 800 lysbilder, fleire fotoalbum og 90 lydband med innslag som Taftø laga for radio. Det vart fleire populære «gjenkjennelseskveldar» med Taftø sitt lokalhistoriske materiell som tema.

Jubileumsåret 2005 vart òg markert med gudsteneste i 1905-preg. Dagen opna med hornmusikk frå kyrkjetårnet etterfulgd av eit historisk tablå som viste korleis det arta seg då aurgjeldingane stemte om republikk eller kongedømme i Aure kyrkje.

I 2007 var det registrering av i alt 31 bede-, ungdoms- og andre forsamlingshus i Aure. Resultatet vart ei utstilling av data og foto montert på plansjer.

I september 2009 drog en konvoi på safari frå naust til naust. Aure har spesielt godt bevarte brygger og svalgang-naust. Byggemetoden er ei bu av lafta tømmer og svalgang av stavverk, noko som gjør naustet ekstra motstandsdyktig mot vær og vind.

Året etter, 2010, gjekk turen frå seter til seter. Ein kortresje på 10-12 bilar besøkte sju av dei mange setervollane i Aure. Seterhusa blir vedlikeheldt. På Gressetsetra fortalte ei 90 år gammal dame om tida si som budeie her då ho var ungjente.

I 2012 opna laget den museale skolesamlingen på prestegardslånna. Her er det 4-mannspultar, kart, instrument, bøker, plansjar med meir. Læraren har også fått sitt tidsriktige krypinn.

I 2013 var det plakatutstilling, med 20-25 kvinner og menn i nærmiljøet som kanskje ikke har vore så kjende. Temaet var kvardagsfolket og kva dei har betydd.

2014 var året då laget byrja registrering av alle lag og organisasjonar i bygda. Kva har utvikla Aure-samfunnet? Pr. 2019 er 200 lag registerte, og arbeidet er på langt nær ferdig.

I 2016 fekk laget alt utstyret frå nedlagte postkontor, mellom anna på Skogset. Utstyret omfatter fleire postskilt, postkasser, protokollar, div. merker og forskjellige stempel.

I 2017 var det eit minnearrangement med temaet «Gratangen i april 1940». Mange aurgjeldinger deltok i kampar under krigen, også i Gratangen.

Laget vart huseigarar i 2017, noko som førte til stor dugnadsaktivitet. Lager, møterom og leilighet vart renovert. Utleigedelen skaffa laget litt intekter.

I 2019 registrerte historielaget alle skulane i Aure, frå den første fastskolen vart teken i bruk i 1880 og fram til i dag. 43 skular vart presenterte på plakatar. Styret skal ta stilling til om skuleprosjektet skal samlast i ei bok.

Publikasjonar

  • I perioden 1996-2007 kom lagets årbok, TU AURGJELDA ut. Etter kommunesammenslåinga med Tustna i 2007 vart namnet endra til Årbok .... Aure Historielag. Alle medlemmene får årboka før jul.
  • I 1995 vart det utgitt eit minneskrift for Aure og Stemshaug, om krigen 1940–1945.
  • Laget har dessutan gitt ut kalendrar med lokale, kulturelle tema.

Kjelder

  • Aure historielag si nettside (død lenke pr. 2020).
  • Opplysningar frå historielaget, 2019 (Landslaget for lokalhistorie si lagsundersøking).

Lenkjer