Auremarka - fornfunn: Forskjell mellom sideversjoner

ingen redigeringsforklaring
Ingen redigeringsforklaring
Ingen redigeringsforklaring
Linje 1: Linje 1:
'''Fornfunna på Aurefløten''' i Sykkylven sentrum dokumenterer ei minst 4000 år lang samanhengande busetjing i dette området. Det var i [[1989]] dei første funna her vart gjorde. Det var læraren, Per Arne Grebstad, som vart merksam på ei større samling med stein då kommunen sine folk var i ferd med å leggje gang-  og sykkelveg forbi [[Sykkylven kyrkje]]. Grebstad kjende området godt og visste at jorda her skulle vere steinfri. Inne i mellom steinane vart det påvist kol. Arkeologar rykka raskt ut og kunne konstatere at dei funna som var gjorde viste tidleg busetjing i området. Allereie same året som det første funnet vart gjort, i 1989, gjorde Historisk museum i Bergen ei mindre utgraving i det aktuelle byggeområdet. Fleire utgravingar vart utførte då det vart klart at Sykkylven kommunen ønskte å byggje nytt helse- og sosialsenter på ei tomt like ved.  I løpet av 1991 og 1992 vart nærare fem mål ved kyrkja avtorva og undersøkt. Fylkesarkeolog Bjørn Ringstad i Møre og Romsdal fylkeskommune leia utgravingane.
'''Fornfunna på Aurefløten''' i Sykkylven sentrum dokumenterer ei minst 4000 år lang samanhengande busetjing i dette området. Det var i [[1989]] dei første funna her vart gjorde. Det var læraren, Per Arne Grebstad, som vart merksam på ei større samling med stein då kommunen sine folk var i ferd med å leggje gang-  og sykkelveg forbi [[Sykkylven kyrkje]]. Grebstad kjende området godt og visste at jorda her skulle vere steinfri. Inne i mellom steinane vart det påvist kol. Arkeologar rykka raskt ut og kunne konstatere at dei funna som var gjorde viste tidleg busetjing i området. Steinsamlinga skreiv seg frå ei kokegrop som folk i førhistorisk tid nytta til å varme mat. Allereie same året som det første funnet vart gjort, i 1989, gjorde Historisk museum i Bergen ei mindre utgraving i det aktuelle byggeområdet. Fleire utgravingar vart utførte då det vart klart at Sykkylven kommunen ønskte å byggje nytt helse- og sosialsenter på ei tomt like ved.  I løpet av 1991 og 1992 vart nærare fem mål ved kyrkja avtorva og undersøkt. Fylkesarkeolog Bjørn Ringstad i Møre og Romsdal fylkeskommune leia utgravingane.


Under ein meter matjord vart det avdekka stolpehol som gjorde det mogeleg å skilje ut 15 – 20 hus i varierande størrelse. Dei minste var 8-10 meter lange, dei største opp til 60 meter. Breidden varierte frå 4-5 meter opp til 8-10 meter. Dei største husa var såkalla langhus med bustad for både menneske og dyr. Husa kan også ha hatt andre funksjonar, dei største kan ha tent offentlege føremål og  vore samlingsstader for menneske i nærområdet, såkalla gildehallar.
Under ein meter matjord vart det avdekka stolpehol som gjorde det mogeleg å skilje ut 15 – 20 hus i varierande størrelse. Dei minste var 8-10 meter lange, dei største opp til 60 meter. Breidden varierte frå 4-5 meter opp til 8-10 meter. Dei største husa var såkalla langhus med bustad for både menneske og dyr. Husa kan også ha hatt andre funksjonar, dei største kan ha tent offentlege føremål og  vore samlingsstader for menneske i nærområdet, såkalla gildehallar.
Skribenter
1 485

redigeringer