Aurland sogelag

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Arbeid pågår: Vennligst ikke rediger artikkelen mens arbeidet pågår. Se redigeringshistorikken for detaljer.

Det har trolig ikke vært gjort noen endringer på artikkelen den siste uka. I så fall kan denne markeringa fjernes, men sjekk redigeringshistorikken og eventuelt diskusjonssida først.

Aurland sogelag i Aurland kommune i Sogn vart skipa 27. desember 1929. I 1954 tok laget opp arbeidet med skriving av bygdesoga og gards- og ættesoge for Aurland. Ei berande kraft i laget gjennom mange år var lektor og bygdebokforfattar Anders Ohnstad (1911–2007). Kaare Sønnerheim (1921-2006) var mangeårig styreleiar i Aurland sogelag. Ein periode på 1970-talet fungerte den kommunale kulturvernnemnda som styre i sogelaget.

Blant hovudaktivitetane i laget er bygdebokarbeid, gjenstandsutstillingar og jelp med slektsopplysningar. Aurland sogelag eig Lensmannsstova med inventar på Onstad, og laget er også styre for Sivlesamlinga.

Laget sitt hovudmål «bør vera å spreia kunnskap om aurlendingane si soge og fornminne, og fremja gransking av folkeliv og folkeskikkar i farne tider. Laget bør samla inn og verna om alt gamalt som kan gje eit bilde av det økonomiske og kulturelle liv i Aurland kommune i farne tider. Elles bør ein prøve å samle og gjennomarbeida vedtak og fråsegner frå nyare tid slik at ein kan få ei mest mogeleg ubroti soge for kommunen.»

I 2019 hadde laget 50 medlemmer. Medlemstalet har vore mellom 40 og 60, med unnatak av 1952, då 120 personar sto innmeldt.

Leiarar

  • Anders J. Ohnstad
  • Anders O. Ohnstad
  • Jens Lunde
  • Einar Johnsen
  • Leif Johnsen
  • Kaare Sønnerheim
  • Noralv Distad
  • Olav J. Ellingsen

Den gamle føremålsgrafen

«Aurland sogelag har til uppgaava: 1. Аa samla og verna um alt gamalt som kan gjeva eit bilete av det økonomiske og kulturelle liv i Aurlandsbygdi i farne tider. 2. Aa samla og gjennomarbeida vedtak, fråsegner og hendingar fraa den nyare tid, for paa det vis aa freista faa ei ubroti soga um Aurlandsbygdi.»

Publikasjonar

Aurland I- allmenn soge fram til1900. Aurland IIA - Ættesoga 1600-1900, Aurland IIB - Ættesoga 1901-2010, Aurland III – Kultursoga 1870-1980, Glimt frå Aurlandssoga I og II. Gardssoga for Aurland I - III, Soga om Flåm i tre band, om bygda, gardane og ætta. Gardssoge for Undredal og Nærøy. Aurdal Gnr 12.

ymse små publikasjonar.

Kjelder og litteratur

  • Opplysningar frå sogelaget (Landslaget for lokalhistorie si kartlegging av sogelag 2019).

Eksterne lenkjer