Aursnes Kiosk

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 22. mar. 2015 kl. 12:55 av Eldar Høidal (samtale | bidrag) (Ny side: '''Aursnes Kiosk''' er ein kiosk og serveringsstad ved ferjeleiet på Aursneset. Forretninga vart etablert i 1973. Det var same året som fergesambandet Aursnes-Magerholm vart op...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Aursnes Kiosk er ein kiosk og serveringsstad ved ferjeleiet på Aursneset. Forretninga vart etablert i 1973. Det var same året som fergesambandet Aursnes-Magerholm vart opna. Karl Aursnes såg tidleg behovet for ein kiosk på Aursneset, sette byggjearbeidet i gang, og kunne i 1973 ta i bruk eit lokale på 100 m2.

Kiosken vart utvida med 150 m2 i 1982, slik at samla golvflate vart 250 m2. Tilboda til funksjonshemma og andre reisande vart dermed betre enn før.

Kioskbygget vart ein del skada under nyttårsorkanen i 1992, men vart snart sett i stand att.

Aursneset - Magerholm har gjennom ei årrekkje vore det mest trafikkerte sambandet i Møre og Romsdal, noko som har vore med å gje eit stabilt kundegrunnlag til forretninga.

Kjelde:

  • Jon Hole: Handelsnæringa i Sykkylven. Sykkylven 1983.