Automobillaget Haukeli

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 10. okt. 2016 kl. 13:49 av Per Ormestøyl (samtale | bidrag) (Ny side: Automobillaget Haukeli blei stifta på Vinje prestegard 6. mai 1911. Laget hadde bilrute frå Dalen til Breifon på Haukeli. == Historikk == Ved stiftinga 6. mai vart det lagt ut ei...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Automobillaget Haukeli blei stifta på Vinje prestegard 6. mai 1911. Laget hadde bilrute frå Dalen til Breifon på Haukeli.

Historikk

Ved stiftinga 6. mai vart det lagt ut ein aksjekapital på 157 aksjar til ein verdi på 100 kroner stk. Dalen Hotell kjøpte 60 aksjar og Skien-Telemarkens Dampskibsselskab 30. Resten vart kjøpt opp av privatpersonar. At hotell og båtselskap tok del i eigarskapet og finansieringa av dei fyrste rutebilselskapa i Telemark kom som ein konsekvens av det auka fokuset på turistnæringane, men også for å betre kunne kommunisere med andre delar av landet. Frakt av varer hadde tidlegare foregått med hest, og sjølv om vegane framleis ikkje var gode for bilkøyring, var bilen ei kjærkommen erstatning for hestetransporten - særleg om sumaren. Dei fyrste bilane Automobillaget Haukeli kjøpte inn var ein Opel Automobil (for 10 500 kroner), og ein Armstrong-Automobil. Desse blei seinare bytta ut med to sjuseters Buick-ar.

I 1943 gjekk automobilselskapet inn for samkøyring med Vinje kommunale Billag (stifta 1919) og Åmdalsverk-Dalen Billag (stifta 1927), gjennom selskapet "Vest-Telemark Billag". I 1972 gjekk dette selskapet saman med dei andre bilrutene i Vest-Telemark, og stifta Vest-Telemark Bilruter L/L. Dette selskapet gjekk i 1998 inn i Telemark Bilruter AS.[1]

Arkiv

Arkivet etter Automobillaget Haukeli finn du på Vest-Telemark Museum i Eidsborg. Lenke til arkivportalen: http://arkivportalen.no/side/arkiv/detaljer?arkivId=no-VTM_arkiv_000000002221

  1. Henriksveen, Herman og Åsen, Kjell, Bakke opp og bakke ned, rutebildrift i Vest-Telemark, Skien, 1997