Avaldsnes: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
(Ny side: ==Avaldsnes== '''Avaldsnes''' ligg i Karmøy kommune. Førstelekken i namnet blir vanlegvis sett i samanheng med mannsnamnet Augvald. Denne Augvald er ein av sagnkongane som skal ha budd p...)
 
Ingen redigeringsforklaring
Linje 1: Linje 1:
==Avaldsnes==
==Avaldsnes==
'''Avaldsnes''' ligg i Karmøy kommune. Førstelekken i namnet blir vanlegvis sett i samanheng med mannsnamnet Augvald. Denne Augvald er ein av sagnkongane som skal ha budd på neset. Karmsundet er trongt ved Avaldsnes, og kontroll over ferdselen langs hovudleia gav dei som sat her ein sterk maktstilling. Velstanden til Avaldsnes-herskarane i bronsealder og jernalder kom til uttrykk i ei rekkje høgstatusgraver. Innanfor eit lite område som omfattar prestegarden Avaldsnes og nokre av nabogardane, er det dokumentert elitegravleggjingar som knapt nokon annan stad i Skandinavia kan oppvisa maken til.  
'''Avaldsnes''' ligg i Karmøy kommune. Førstelekken i namnet blir vanlegvis sett i samanheng med mannsnamnet Augvald. Denne Augvald er ein av sagnkongane som skal ha budd på neset. Karmsundet er trongt ved Avaldsnes, og kontroll over ferdselen langs hovudleia gav dei som sat her ei sterk maktstilling. Velstanden til Avaldsnes-herskarane i bronsealder og jernalder kom til uttrykk i ei rekkje høgstatusgraver. Innanfor eit lite område som omfattar prestegarden Avaldsnes og nokre av nabogardane, er det dokumentert ein konsentrasjon av elitegravleggjingar som knapt nokon annan stad i Skandinavia kan oppvisa maken til.  

===Bronsealder===
===Bronsealder===
Vest for Avaldsnes kyrkje, på gardane Bø, Ner-Haugo, Utvik og Vikshåland finst ein morenerygg som går i retning nord - sør. Ryggen vert kalla for Reheia eller Blodheia. Seks store gravhaugar frå bronsealderen ligg framleis her, den største rundt 30 meter i tverrmål og 7-8 meter høg. Gamle kart og andre opplysningar vitnar om at dei fleste haugane er blitt fjerna. Folketradisjonen har knytt haugane på Reheia til gravleggjingar etter slaget mellom Håkon den Gode og Guttorm Eiriksson på Avaldsnes. Ein av haugane har såleis fått namnet Guttormshaugen eller Prinsehaugen. Ein bautastein attmed denne haugen er blitt sett på som eit minnesmerke over den falne kong Guttorm og folka hans. Utgravingar på 1800-talet, dei fleste gjort av lokale bønder, men også nokre av museumsfolk, resulterte i ein del funn i haugane på Reheia. Berre eit fåtal av desse er bevart. I Guttormshaugen kom til dømes for dagen ein ubrent begravelse i eit gravkammer frå eldre bronsealder. Gravgåvene bestod mellom anna av eit bronsesverd, ein armring av gull og små stykker av tynt, hamra gull brukt som dekor.
===Eldre jernalder===
Like nordaust for Olavskyrkja på Avaldsnes, på terassekanten ut mot Karmsundet, kan ein framleis sjå restane av gravhaugen som vert kalla Flagghaugen. Det var sokneprest Johan Lyder Brun som starta å grava ut haugen midt i 1830-åra fordi han måtte skaffa jord til fyllmasse på kyrkjegarden. Brun kom dermed til å finna den mest gullrike grava frå romartid som til no er kjent i Skandinavia. Ein mann med eit praktfullt tveegaa sverd, lanse og spyd og skjold var blitt gravlagt i haugen ein gong mot slutten av 200-talet etter Kristus. Ein massiv gullarmring i grava vog nesten 600 gram. Elles var her mellom anna ein fingerring av gull, ei gullnål, ymse gullfragment, 31 spelebrikker av glas, eit bronsespeil (det eldste speilet ein kjenner i Noreg), ei skålvekt av bronse, fleire vasar og fat av bronse, eit drikkebeger av sølv, sølvbeslag til drikkehorn og ein sil av bronse.

Sideversjonen fra 20. mai 2008 kl. 14:02

Avaldsnes

Avaldsnes ligg i Karmøy kommune. Førstelekken i namnet blir vanlegvis sett i samanheng med mannsnamnet Augvald. Denne Augvald er ein av sagnkongane som skal ha budd på neset. Karmsundet er trongt ved Avaldsnes, og kontroll over ferdselen langs hovudleia gav dei som sat her ei sterk maktstilling. Velstanden til Avaldsnes-herskarane i bronsealder og jernalder kom til uttrykk i ei rekkje høgstatusgraver. Innanfor eit lite område som omfattar prestegarden Avaldsnes og nokre av nabogardane, er det dokumentert ein konsentrasjon av elitegravleggjingar som knapt nokon annan stad i Skandinavia kan oppvisa maken til.

Bronsealder

Vest for Avaldsnes kyrkje, på gardane Bø, Ner-Haugo, Utvik og Vikshåland finst ein morenerygg som går i retning nord - sør. Ryggen vert kalla for Reheia eller Blodheia. Seks store gravhaugar frå bronsealderen ligg framleis her, den største rundt 30 meter i tverrmål og 7-8 meter høg. Gamle kart og andre opplysningar vitnar om at dei fleste haugane er blitt fjerna. Folketradisjonen har knytt haugane på Reheia til gravleggjingar etter slaget mellom Håkon den Gode og Guttorm Eiriksson på Avaldsnes. Ein av haugane har såleis fått namnet Guttormshaugen eller Prinsehaugen. Ein bautastein attmed denne haugen er blitt sett på som eit minnesmerke over den falne kong Guttorm og folka hans. Utgravingar på 1800-talet, dei fleste gjort av lokale bønder, men også nokre av museumsfolk, resulterte i ein del funn i haugane på Reheia. Berre eit fåtal av desse er bevart. I Guttormshaugen kom til dømes for dagen ein ubrent begravelse i eit gravkammer frå eldre bronsealder. Gravgåvene bestod mellom anna av eit bronsesverd, ein armring av gull og små stykker av tynt, hamra gull brukt som dekor.

Eldre jernalder