Båtdraging (Bjørkedalen)

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 27. mar. 2014 kl. 22:09 av Thoni (samtale | bidrag) (Ny side: <div style="clear:both; background:#ccffcc; text-align:left; padding:1em 1em; border:1px solid #cccccc; margin-top:1em;">'''Arbeid pågår''': Vennligst ikke rediger artikkelen mens arbe...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk
Arbeid pågår: Vennligst ikke rediger artikkelen mens arbeidet pågår. Se redigeringshistorikken for detaljer.

Det har ikke vært gjort noen endringer på artikkelen den siste uken, så denne markeringen kan fjernes.

Båtdraging heng saman med båtbygging. Begge delar er tradisjon på Bjørkedalen. På det meste var det tjuesju båtbyggeri i bygda. Det seier seg sjølv at det var hardt arbeid å få båtane frå båtskota til sjøen. Det var dugnad og samarbeid, og ein drog gjerne fleire båtar på same dag.

Før i tida måtte både folk og hestar til pers når båtane skulle ut av skota. Båtane vart gjerne dradd over isen på Bjørkedalsvatnet og dei andre vatna ned mot fjorden om vinteren. Då vegen og båtvogna kom, vart det litt lettare. Endå lettare vart det då motoren kom. Traktor, gravemaskin eller lastebil er vanlege hjelpemiddel i dag. Men verken vegen eller motoren gjorde folk med sterke ryggar overflødige. Både då og no treng ein folk til å støde båten på begge sider, balansere den og kanskje bikke på den om det må til for å få den ut gjennom opninga på skotet. Det er ikkje heilt ufarleg, men bjørkedalingane veit kva dei driv med.

Det var sjølvsagt hardt arbeid og mykje slit. Historia om han som brente av seg huda i begge handflatene då han skulle halde i tauet for å halde igjen båten den siste nedoverbakken, vert framleis fortalt. Det skjedde sikkert meir enn ein gong.

På 1870-talet løyvde Stortinget midlar til veg, bru og båtvogn. Det var eit stort framskritt. Brua vart dessverre øydelagt i ei vegutbetring for nokre år sidan. Men den gamle storebåtsvogna som ein vognmakar på Veblungsnes bygde, er framleis intakt.

I Forbundet KYSTENs kampanjen adopter et kystkulturminne har Bjørkedal kystlag valt å adoptere båtdraging, adopterte omfattar heile transportprosessen frå båtskotet til fjorden, inkludert historia om korleis Bjørkedalen fekk statleg løyving til båtvogn, veg og bru på 1870-80 talet.