Bø Meieri (Bø i Telemark)

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 11. jul. 2017 kl. 10:15 av Per Ormestøyl (samtale | bidrag) (Ny side: {{thumb|No-nb digibok 2013111808064 0724 2.jpg|Bø Meieri, truleg på 1940-talet.|Sætherskar, Johs. (red.), ''Det Norske Næringsliv 4, Telemark Fylkesleksikon'', Bergen, 1949.}} '''...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk
Bø Meieri, truleg på 1940-talet.
Foto: Sætherskar, Johs. (red.), Det Norske Næringsliv 4, Telemark Fylkesleksikon, Bergen, 1949.

Bø Meieri vart stifta i 1895.[1] Meieriet låg i i Telemark.

Hovudproduksjonen i Bø Meieri var mjølk og heilfeit gaudaost, men det vart også produsert smør, fløte og anna ost. Både bygningane og maskinenen i meieriet vart modernisert fleire gonger. I 1931 fekk m.a. meieriet større lager og eit moderne kjølerom.

I 1927 vart meieriet forandra til andelsselskap med gardbrukarane i Bø som andelseigarar. I 1946 hadde meieriet 338 andelseigarar som til saman utgjorde 118.639 kr i andelskapital.

Omsettinga i 1946 var på 700.000 kr. Mjølkerekorden vart satt i 1939 med heile 2,6 millionar kilo mjølk.

Utmerkelsar

I 1939 var Bø Meieri nr. 1 av alle landets meieri når det gjaldt heilfeit gaudaost.[2] Meieriet låg også på topp i landet kva gjaldt smørproduksjon.[3]

Kjelder

  • Sætherskar, Johs. (red.), Det Norske Næringsliv 4, Telemark Fylkesleksikon, Bergen, 1949.

Referansar

  1. Sætherskar, 1949, s. 136.
  2. Sætherskar, 1949, s. 329.
  3. Sætherskar, 1949, s. 723.