Bø kyrkje (Karmøy)

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 2. jun. 2008 kl. 07:41 av Frode (samtale | bidrag) (Ny side: {{under arbeid}} '''Bø kyrkje''' var ei steinkyrkje på garden Bø i Torvastad sokn på Karmøy.Første gongen kyrkja er nemnt i eit bevart skriftleg dokument er i samband med ein visitas ...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk
Arbeid pågår: Vennligst ikke rediger artikkelen mens arbeidet pågår. Se redigeringshistorikken for detaljer.

Det har trolig ikke vært gjort noen endringer på artikkelen den siste uka. I så fall kan denne markeringa fjernes, men sjekk redigeringshistorikken og eventuelt diskusjonssida først.

Bø kyrkje var ei steinkyrkje på garden Bø i Torvastad sokn på Karmøy.Første gongen kyrkja er nemnt i eit bevart skriftleg dokument er i samband med ein visitas biskop Arne av Stavanger gjennomførte på Karmøy i 1301. Det vart i alt reist 19 steinkyrkjer i Rogaland i mellomalderen. Dateringsmessig og stilmessig samlar dei seg i to hovudperiodar. Ei gruppe kyrkjer i romansk stil skriv seg frå 1100-talet, truleg i stor grad frå kring midten av århundret. Den neste store byggefasen kom i andre halvdel av 1200-talet, då det blei reist kyrkjer i gotisk stil. Det er ikkje avklart kva fase Bø-kyrkja høyrde heime i, men mest truleg stamma ho frå 1100-talet. Den gamle storgarden Bø kan ha vore lendmannssete på denne tida. I alle høve er det rimeleg å tru at ein stormann på garden stod bak kyrkjebygginga. Frå kyrkjestaden på Bø er det fritt utsyn over Bøvågen til Olavskyrkja på Avaldsnes. Samanlikna med kongen si Olavskyrkje, ville steinkyrkja på Bø fortona seg som lita