Bø kyrkje (Karmøy)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Arbeid pågår: Vennligst ikke rediger artikkelen mens arbeidet pågår. Se redigeringshistorikken for detaljer.

Det har trolig ikke vært gjort noen endringer på artikkelen den siste uka. I så fall kan denne markeringa fjernes, men sjekk redigeringshistorikken og eventuelt diskusjonssida først.

Bø kyrkje var ei steinkyrkje på garden Bø i Torvastad sokn på Karmøy.Første gongen kyrkja er nemnt i eit bevart skriftleg dokument er i samband med ein visitas biskop Arne av Stavanger gjennomførte på Karmøy i 1301. Det finst i dag ingen synlege spor etter kyrkja.

Datering, byggherre og bruk

Det vart i alt reist 19 steinkyrkjer i Rogaland i mellomalderen. Dateringsmessig og stilmessig samlar dei seg i to hovudperiodar. Ei gruppe kyrkjer i romansk stil skriv seg frå 1100-talet, truleg i stor grad frå kring midten av århundret. Den neste store byggefasen kom i andre halvdel av 1200-talet, då det blei reist kyrkjer i gotisk stil. Det er ikkje avklart kva fase Bø-kyrkja høyrde heime i, men mest truleg stamma ho frå 1100-talet. Frå kyrkjestaden på Bø er det fritt utsyn over Bøvågen til Olavskyrkja på Avaldsnes. Samanlikna med kongen si Olavskyrkje, ville steinkyrkja på Bø fortona seg som lita. Å byggja kyrkjer i stein var prestisjeprosjekt som krov store ressursar, og det rimer betre dersom ein stormann på Bø fekk reist kyrkja på 1100-talet. Då ville ho i om lag 100 år ha vore den einaste steinkyrkja på Karmøy. Det er mogeleg at den gamle storgarden Bø var lendmannssete på 1100-talet.