Bømlo kystlag

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 3. mai 2012 kl. 12:06 av Kallrustad (samtale | bidrag) (skriver ord helt ut (medlemmer), fjerner siste del av siste setning (uencyklopedisk))
Hopp til navigering Hopp til søk
Guløy

Bømlo kystlag vart stifta i 1994 og har i dag 60 medlemmer. Kystlaget er eitt av 101 lokale kystlag som er organisert under Forbundet KYSTEN, med over 9000 medlemmer. Bømlo kystlag eig og disponerer i dag to skøyter. Den største skøyta, "Guløy" med ein 40 Hk Wichmann er hjå Riksantikvaren registrert som bevaringsverdig. Kystlaget arbeider for tida med å søkja Riksantikvaren og andre om midlar til restaurering, noko som vert eit ressurskrevande prosjekt.