Bømlo kystlag

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Guløy

Bømlo kystlag vart stifta i 1994 og har i dag 60 medlemmer. Kystlaget er eitt av 120 lokale kystlag som er organisert under Forbundet KYSTEN, med over 9500 medlemmer. Bømlo kystlag eig og disponerer i dag to skøyter. Den største skøyta, "Guløy" med ein 40 Hk Wichmann er hjå Riksantikvaren registrert som bevaringsverdig. Kystlaget arbeider for tida med å søkja Riksantikvaren og andre om midlar til restaurering, noko som vert eit ressurskrevande prosjekt.