Bahtex

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 17. jan. 2014 kl. 08:12 av Eldar Høidal (samtale | bidrag) (Ny side: '''Bahtex''' var ein produsent av interiørartiklar og skosolar i Sykkylven. Bedrifta vart etablert og driven av Otto Bakke. Bakke bygde bustadhus på Blindheim i 1956. Han dreiv då...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Bahtex var ein produsent av interiørartiklar og skosolar i Sykkylven. Bedrifta vart etablert og driven av Otto Bakke. Bakke bygde bustadhus på Blindheim i 1956. Han dreiv då som agent i møbelstoff, og i huset hadde han kommisjonslager for stoff. Bakke skar stoffet til i lengder etter ynske frå kundane sine. Etter ei tid fekk han ein tilsett til å ta seg av dette.

I eit samarbeid med Simatex i Innvik dreiv Otto Bakke frå 1963 sal av plastryer, klosettforleggarar og matter i plast. Varene vart selde gjennom firmaet Bahtex A/S, som Bakke åtte. Bedrifta hadde opptil tre tilsette. Bahtex var ikkje eit reint salsfirma. I lokala på Blindheim vart teppa og forleggarane skorne til og laga ferdige.

Frå 1965 byrja Otto Bakke å lage skosolar av tynne plastrør som vart sveisa i hop. Skosolane vart marknadsførte som termosolar. Lufta i plastrøra isolerte godt. Forsvaret fekk ein stor leveranse av solar. Soleproduksjonen heldt Bakke gåande til 1985.

Kjelde: