Bendik Gjermundson Veum

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Bendik Gjermundson N. Veum (Født 1887 i Fyresdal og død 1958 same stad) – kunstnar og sogeskrivar

Bendik Gjermundson Veum (R. Nyblin Skien)

Slekt: Bendik var son til Gjermund Gunnarson Nesland (1842-1924) frå S. Veum og Sigrid Bjugsdotter Nesland (1850-1893). Broren Kjetil Gjermundson N. Veum N. (1873-1950) tok over heimegarden N. Veum og Bendik vart buande der saman med han etter å ha vore ein del år utanfor bygda. Han var allsidig orientera og interessera i mykje.

Av utdanning hadde han:

  • Telemark folkehøgskule i Seljord vinteren 1907-08.
  • Voss folkehøgskule 1916-17.
  • Grundtvigs højskole Fredriksborg, Danmark, 1.nov. 1919 – 1. april 1920.

Bendik reiste ein del både i Sverige og Danmark, og til Færøyane. Han skreiv ein serie med reisebrev med tittelen Paa ferd til ”Siljans grøna strender”, frå ei reise til Siljan i Dalarne, Sverige, sommaren 1916. Reisebreva kom på trykk i avisa ”Norig”.

Han var ein habil treskjerar som skar ut fleire nøtteknekkarar med karakteristiske hovud. Han skar og ut persongrupper som av og til er nytta som sokkel til lamper. Bollar laga han av ulik slag. Han skar ut to store lysekroner med tilsvarande lampettar til Moland kyrkje i 1937. Desse vart bytta ut med moderne armatur i 1962. I 2. høgda på stabburet på prestegarden er eit stort rom som er nytta til møterom. Den eine lysekrona og lampettar er der og den andre er på Fyresdal Bygdemuseum. I alle sine arbeid sette han inn karakteristiske andlet som kunne vere lett å kjenne att opphavet til. Av målarstykke kjenner ein berre til eit med motiv frå fjellet Roan som er ovanfor garden Veum.

Han var sers interessera i ætt og soge og han forfatta

”FYRESDAL I, ættebok” som vart gjeve ut av Fyresdal kommune i 1943. Dette er eit solid verk, med bilete og på vel 400 sider. Alt arbeidet, all kjeldegranskinga, gjorde han åleine. Her er rett nok enkelte feil som i alle slike bøker, dette er retta opp ved at kulturstyret i Fyresdal gav ut eit eige hefte med rettingar i 1982.

Samtidig med ætteboka arbeidde han med ei gardssoge for Fyresdal, tenkt som bind II, men denne vart ikkje ferdig til publisering.

Han var og sers interessera i dialekt og gamle ord, og hadde god kjennskap til desse. Før 1950 hadde han samla D I A L E K T O R D frå F Y R E S D A L med om lag 1500 ord. Han, som kjende dei godt, sette dei opp utan tyding, dette er lagt til sidan av Olav Momrak-Haugan. Materialet er sendt inn til Universitet i Oslo og kan med tida verte tilgjengeleg på internett. Prosjektet heiter ”Norsk Ordbok 2014”. .

Som ættegranskar var han tilsvarande interessera i bruk av namn og utviklinga av desse, han forfatta difor: ”Folkenamn i ei Telemarksbygd gjenom 6 – 700 år. Fyresdal. Samla og med opplysningar og merknader av Bendik Veum.” Dette materialet er og sendt til Universitetet i Oslo i samband med prosjektet ”Norsk Ordbok 2014”. Truleg og etter kvart tilgjengeleg på internett.

Bendik er gravlagd på Veum kyrkjegard.