Bendik og Årolilja

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Bendik og Årolilja er ein mellomalderballade om tragisk kjærleik. Bendik vert forelska i kongsdottera Årolilja, men kongen tillet ikkje at dei gifter seg. Han får Bendik halshogd, og Årolilja døyr av sorg. Dei vert gravlagt på kvar sin side av kyrkja, og på gravane veks det opp trær som fletter seg saman over kyrkjetaket som eit monument over kjærleiken mellom dei. Kongen angrar så på at han fekk tatt livet av Bendik.

Visa er ein typisk riddarballade, gruppe D i TSB-katalogen. Temaet er kjend frå fleire andre, og ein sannsynleg inspirasjon er det danske segnet om Hagbard og Signe. Frå Skandinavia kjenner vi og segnet om Liden Kirsten og Buris, og frå europeisk tradisjon Tristan og Isolde, og seinare frå Romeo og Julie.

Balladen var kjend over heile Skandinavia, og den eldste norske oppskrifta er frå Finnmark, datert 1698 og nedskrive av amtmann Hans Hansen Lillienskiold d.y. I Finnmarks-versjonen har Bendik ein bror som hemnar seg på kongen. På 1800-talet vart det nedskrive versjonar i Telemark og nokre fragment i Setesdal.

Nokre melodiar til visa er òg nedskrevne. Ludvig Mathias Lindeman fann to variantar i Tuddal, og Catharinus Elling skreiv ved eit par melodiar til strofar som vart sunge som gamlestev. I 1882 komponerte Ingvar Bøhn ein ny melodi til visa, og denne har vore dominerande sidan. Mellom dei som har gjeve ut versjoner er Arve Moen BergsetNorske ballader og Gåte,

Litteratur og kjelder