Bergmann AS

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 22. mar. 2015 kl. 13:36 av Eldar Høidal (samtale | bidrag) (Ny side: '''Bergmann AS''' var ei agenturforretning og bokhandel i Sykkylven. Firmaet vart skipa i 1972 som eit framhald av Bergmanns Trykkeri som vart skipa i 1946. I starten var det vanlege, s...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Bergmann AS var ei agenturforretning og bokhandel i Sykkylven. Firmaet vart skipa i 1972 som eit framhald av Bergmanns Trykkeri som vart skipa i 1946. I starten var det vanlege, såkalla sivile trykksaker som vart produserte, men etter kvart spesialiserte firmaet seg innafor databransjen med system- og datablankettar og andre datarelaterte trykksaker. Denne delen av selskapet vart i 1982 registrert som eige selskap, Rolf Bergmann A.S, med Rolf Bergmann som disponent. På dette området hadde firmaet storparten av marknaden i Møre og Romsdal.

I 1975 kjøpte Bergmann A.S Sykkylven Bokhandel, og Kjell Molvær var disponent i dette firmaet frå 1980. Ei stor forbetring var det då Bergmann A/S fekk flytte inn i nye lokale i Aure sentrum i 1982, og dermed fekk dei alle aktivitetane samla under eitt tak. I tillegg til bøker og alle slag papirvarer førte firmaet også leikety, kontorutstyr, data-rekvisita, hobbyartiklar og lervarer.

Bergmann A.S heldt seg godt orientert om det som skjedde i bransjen, og tok moderne teknologi i bruk. Rekneskap, faktureringssystem og statistikk vart såleis køyrt frå eigen dataterminal med linesamband til ein sentral datamaskin. Firmaet dreiv aktiv oppsøkjande verksemd til industri og datasentralar, og ytte konsulenthjelp, særleg når det galdt utforming av blankettar. I 1980-åra vart det ei sterk utvikling innan utstyr og rekvisita i samband med data-behandling, og firmaet fekk eit godt fotfeste i den regionale marknaden på dette området.

I midten av 1980-åra slutta firmaet med bokhandel, og den øvrige salsverksemda vart flytta til nye lokale i eit næringsbygg i Spjelkavik i Ålesund kommune. Bergmann AS var i mange år agent for papirleverandøren Bayer.

Kjelde:

  • Jon Hole: Handelsnæringa i Sykkylven. Sykkylven 1983.