Bråtebruket på Toten: Forskjell mellom sideversjoner

ingen redigeringsforklaring
Ingen redigeringsforklaring
Ingen redigeringsforklaring
Linje 1: Linje 1:
{{under arbeid}}
{{under arbeid}}
'''[[Bråtebruket på Toten]]'''
'''[[Bråtebruket på Toten]]'''  

[[Leksikon:Bråtebruk]]
[[Leksikon:Bråtebruk]], brenning av skog der dyrking av jordbruksvekstar.

Sommaren 1655 brente Tollef Smeby ein bråte i skogen ned mot Lenaelva. Alf Nettum og Anders Skullerud «Nedergroff den Roug i Brotten och gierdet der om», som det står i ei rettssak som følgde. Grannen hans Tollef, Simen på Vest-Kvem, meinte Tollef hadde brent i sameigeskog. 30. juli 1656 skar han storparten av rugen i bråten hans Tollef og tok med seg avlinga heim åt Kvem. Han hadde «det meste och beste Opschaaren Affsnappet och bort ført». Simen hadde ikkje berre teki rugen hans Tollef, han hadde fått med seg fem andre kvemskarar åt Smeby og teki ein del staur som Tollef hadde hoggi. Slik framferd laut det bli rettssak av. Simen fekk «Suare till huis hand Tholluff Smeby haffuer fratagit. Baade Rougsæd i en Braate och Støffuer hand hiemme ved hans gaard Sig bemandet, voldeligen haffuer bemegtiget». I rettssaka kunne gamle folk fortelja om «dj Stoere och gamble Sueer som kaldis Aaserud».
Denne dyrkingsmåten var vanleg lenge før finneinnvandringa midt på 1600-talet. Ut frå den kunnskapen vi har om bråtebruk andre stader i verda, kan vi gå ut frå at bråtebruket på Toten var minst like gammalt som åkerbruket. Her var det mykje skog som kunne brennast til bråte, og mykje av skogen stod på næringsrik mark. Det seier seg sjølv at så lenge forholda låg til rettes for bråtebruk. Nokre stader på bygda
 
== Innleiing ==
 
Sommaren 1655 brente Tollef Smeby ein bråte i skogen ned mot [[Lenaelva]]. Alf Nettum og Anders Skullerud «Nedergroff den Roug i Brotten och gierdet der om», som det står i ei rettssak som følgde. Grannen hans Tollef, Simen på [[Kvem|Vest-Kvem]], meinte Tollef hadde brent i sameigeskog. 30. juli 1656 skar han storparten av rugen i bråten hans Tollef og tok med seg avlinga heim åt Kvem. Han hadde «det meste och beste Opschaaren Affsnappet och bort ført». Simen hadde ikkje berre teki rugen hans Tollef, han hadde fått med seg fem andre kvemskarar åt [[Smeby (Østre Toten)|Smeby]] og teki ein del staur som Tollef hadde hoggi. Slik framferd laut det bli rettssak av. Simen fekk «Suare till huis hand Tholluff Smeby haffuer fratagit. Baade Rougsæd i en Braate och Støffuer hand hiemme ved hans gaard Sig bemandet, voldeligen haffuer bemegtiget». I rettssaka kunne gamle folk fortelja om «dj Stoere och gamble Sueer som kaldis Aaserud».

Dette er ikkje fyrste gongen vi møter på rugbråtar i rettssaker på Toten. I ei grensegangssak mellom Smeby og Kraby frå 1648 ser vi at dei dyrka rug i bråte ved overgangen mellom 15- og 1600-talet. Else Slagsvoll, som var omtrent 80 år gammal, vitna at «Peder Kraby en gang Haffde en Rueg Suee paa den østre side […] Glugebechenn». I same saka vart det sagt at «Erland Kraby [gaff] en Mand Knud Forloff at røede Enn Suee Vester Gluggebechen […] och der Knud haffde skoret Ruggen aff førde Erland Vedden hiem til Krabye». Vi møter ein Peder som brukar på Kraby i 1580-åra og i 1612. Erland, som kjørte bråteveden heim til Kraby, er kjend som brukar av garden frå 1616 til 1628. Det vil seia at dei hendingane vitna fortel om, må skrive seg frå sist på 15- eller heilt fyrst på 1600-talet.  

Sve og/eller bråte?
== Sve og/eller bråte? ==
I 16- og 1700-talskjelder frå Toten er nemningane bråte og sve brukte om einannan. Rettssaka frå 1648, som vi har skrivi om ovanfor, handlar om «en Rueg Suee», medan vi i rettssaka frå 1658 høyrer at dei «nedergroff den Roug i Brotten». I matrikkelen frå 1669 er uttrykka Braatteland og Suæland brukte side om side. I 1767 vart det haldi grensegangssak mellom Prestmarka og Jutulrud på Eina. Presten, Peder Heuch, skreiv om saka i kallsboka for Toten. Også han bruker uttrykka bråte og sve om einannan når han skriv om «en gammel Braate eller Sve kaldet Monse Sveen» og «paa dette Sted var Braate paa begge Sider af Deelestrækningen […] Jonas Sønstebye udviiste paa den Østre Siide af disse Sveer […]».  

Slik uttrykka bråte og sve og bråtebruk og svedjebruk er brukte, går det ikkje an å skilje mellom dei. Dei betyr det same, brenning av skog der dyrking av jordbruksvekstar er hovudformålet. I 1722 skreiv tidlegare amtmann i Lister og Mandals amt, Povel Juel: «Braader, eller Svee, det er en Ager som giøres i Skover». Trea, «som i gemeen ere Gran eller Fure-Træer» blir hogne om våren og ligg til neste vår, da blir dei brende. (Juel, 1722, s. 34) . «Bråtån brente dom tel rugsveer», fortel Even Lundby frå Furnes (Lundby, 1947, s. 255). Her bruker han uttrykka bråte og sve slik dei er definerte under oppslagsordet sve i Nynorskordboka: «Stykke i skogen som er rydda og kultivert med brotebrenning». Ivar Aasen har to definisjonar av ein bråte: «1) en Hob af nedbrudte el. nedhuggede Træer» og «2) et Stykke Mark, som ryddes ved Afbrændning og derefter tilsaaes». Definisjon 2 av bråte hos Aasen samsvarar med definisjonen av sve i Nynorskordboka. (Nynorskordboka, 1989, s. 711; Aasen, 1918, s. 83). Det spelar heller ikkje noka rolle for namnebruken om bråten eller svea er brend i barskog eller lauvskog.

Finnar, totningar og bråterugen.
== Finnar, totningar og bråterugen ==
I 1662 gjekk oppsitjarane på Garlaus i Kolbu til sak mot finnen Henrik Jørgensen som hadde slegi seg ned i marka mellom Garlaus og Kvikstad og teki seg til rettes. Fire år seinare var det ny sak mot finnen. Totningane hadde ennå problem med den nye grannen. Dommaren sa da at Henrik skulle få behalde rydningsplassen sin, dersom han ikkje meir «udsetter nogen Varme som beschadiger Omligende MedEigerers schou eller Brottehugst».  Her ser vi at finnen hadde vori for nærgåande mot den skogen som var nødvendig i omløpet for bråtebruket åt totningane.

Linje 28: Linje 32:
Vi kan med andre ord avvise påstanden åt Pontoppidan om at det var rugfinnane som lærte den norske bonden bråtebruket. Men vart totningane påverka av den måten finnane dreiv bråtebruk på? I det gamle finske bråtebruket skilde dei mellom bråtar som vart brende i gammal barskog (huuhta) og bråtar som vart brende i lauvskog eller blandingsskog (kaski). Det er sannsynleg at det gamle norske bråtebruket stort sett var brenning av bråte i lauv- og blandingsskog. (Holm, 2013, s. 162-174). Vi veit ikkje kva slag bråtebruk finnane som slo seg ned på Toten dreiv med. Dersom dei hadde drivi huuhta-bruk i noka utstrekning, kan vi rekne med at det hadde komi til konfrontasjonar med dei andre innbyggarane. Utover på 16- og 1700-talet tok tømmer til å bli salsvare, og nedbrenning av tømmerskog i allmenningen er det lite truleg at fut og skrivar hadde tålt. Dessutan var ikkje Totenallmenningen større enn at dei finneplassane vi kjenner til i allmenningen på 1600-talet, låg i eller innåt beiteområda for sætrene på åsen. Derfor er det større grunn til å tru at finnane som kom, tilpassa seg den måten å drive bråtebruk på som totningane hadde praktisert frå urgammal tid, enn at totningane tok etter nye former for bråtebruk som innvandrarane hadde med seg. Nye og uvande driftsformer i sameige- og allmenningsskog ville truleg ha ført til påtale og rettssaker. Slike saker i tida rett etter at finnane kom åt bygda, kjenner vi ikkje til.

== Kva hadde bråtebruket å seia, kva dyrka dei i bråten? ==

Kva hadde bråtebruket å seia, kva dyrka dei i bråten?
Sjølv om den dyrka jorda på Toten ikkje utgjorde meir enn omtrent 1% av det samla arealet midt på 1600-talet, kan vi utan vidare slå fast at det var korndyrking på åker som var viktigast. Det ser vi svært tydeleg i matrikkelen frå 1669. Bråtebruket er nemnt i matrikkelen, men det hadde lite å seia når skatteevna åt den enkelte garden vart fastsett. Den gjennomsnittlege totengarden på 16- og 1700-talet hadde 15-20 dekar åkerareal. Vi høyrer mykje om åkerbruk, men lite om bråtebruk i kjeldene frå 16- og 1700-talet. Likevel kunne bråterugen utgjera ein stor del av det kornet som vart hausta inn på dei gardane som dreiv med bråtebruk

I eit arveskifte på Lunna 4. november 1673 er kornavlinga ført opp. Etter at tienda var trekt frå, bestod avlinga av 62 ½ tynne bygg, 4 ½ tynne åkerrug, 18 tynner bråterug, 2 ¼ tynne erter og 9 tynner blandkorn.  Rugen som var dyrka i bråte dette året, utgjorde innpå 20% av heile kornavlinga og 80% av rugavlinga. Den store andelen bråterug var kanskje eit særsyn. Sjølv ikkje i skogsbygdene i Sverige utgjorde bråterugen vanlegvis meir enn 5-10% av totalavlinga (Myrdal, 1999, s. 293).  
I eit arveskifte på [[Lunda (Østre Toten)|Lunna]] 4. november 1673 er kornavlinga ført opp. Etter at tienda var trekt frå, bestod avlinga av 62 ½ tynne bygg, 4 ½ tynne åkerrug, 18 tynner bråterug, 2 ¼ tynne erter og 9 tynner blandkorn.  Rugen som var dyrka i bråte dette året, utgjorde innpå 20% av heile kornavlinga og 80% av rugavlinga. Den store andelen bråterug var kanskje eit særsyn. Sjølv ikkje i skogsbygdene i Sverige utgjorde bråterugen vanlegvis meir enn 5-10% av totalavlinga (Myrdal, 1999, s. 293).  

At dyrking av bråterug ikkje var eit eingongsfenomen på Lunna, ser vi av eit skifte frå 20. desember 1713. Da var avlinga «anslagen» til 30 tynner godtkorn (bygg), 7 ¼ tynne rug, 6 tynner havre og 1 1/8 tynne erter. Og så kjem det: «Noch j braade anslagen mellem arfvingerne til 7 tdr Rug».  Av dette ser vi at avlinga i bråten ennå ikkje var kjørt heim. Ho hong på hesjer eller stod i stakk ute i skogen. Sorenskrivaren og takstmennene drog ikkje til skogs for å taksere bråterugen, men stolte på vurderinga åt arvingane. Dette året utgjorde bråterugen nesten halvparten av rugavlinga og 14% av samla kornavling på Lunna.

Linje 40: Linje 44:
Det var ikkje berre rug som vart dyrka i bråten, og det vart ofte sådd i bråten både to og tre år før skogen fekk vekse opp att. Christian Sommerfelt, amtmann i Kristians amt , fortel både kor lenge bråten vart brukt og kva dei dyrka: «Ved Rydning forstaaes her ofte Braatehugst, da et Stykke Skov nedfældes og brændes paa Jorden, hvor derefter i et eller to Aar avles Næper, Rug, Thorebyg, Havre, hvorefter man lader Jorden, om den kan, tilgroe med Græs og Skov». (Sommerfelt, 1928, s. 51). På Helgøya kalte dei det å attihakke når det vart sådd i bråten andre og tredje året (Olssøn, 1935, s. 458). Det vart dyrka både bygg og havre i bråten, men dyrking av neper passa særskilt godt, meinte Sommerfelt (1776a, s. 22): «Naar det skal brændes Braate, kan de ikke fordeelagtigere bruges end paa denne Maade [til neper], da Rugen voxer ligesaa got efter Næperne, som om den var saaet lige efter Brændingen». Likevel må rugdyrkinga ha vori det aller viktigaste. Det er berre rug vi høyrer om når bråtebruket blir nemnt i samtidige rettssaker og arveskifte.

Kor stor var avlinga i bråten?
== Kor stor var avlinga i bråten? ==
Frå Toten kjenner vi ikkje til oppgåver som kan seia noko om kor store avlingar dei tok av bråterugen. Frå andre stader veit vi at avlingane kunne bli store når bråterugen slo til. I Finland opererer dei med avlingar på 6 til 40 foll , i unntakstilfelle over 100 foll, «men då måste sveden vara fälld i grov granskog på bördig mark», seier Eljas Orrman (1995, s. 100-101). At det ikkje var vanleg med slike eventyrleg store avlingar av bråterugen i Finland, ser vi av den kommentaren den finske etnologen Ilmari Manninen hadde til opplysningar om at det var teki 50 til 80 foll i rugbråtar i Vologdaregionen i Russland. Han sa at det «freilich unglaublich klingt», det vil seia at det rett og slett høyrest utruleg ut. (Manninen, 1932, s. 275).   

Linje 47: Linje 51:
Finnane skal ha hatt eit rugslag som var svært til å bole seg. Av kvart frø kunne det koma ein heil krans med strå. Ved prøvedyrking av gammal bråterug i Solør, vart det observert at éi plante kunne gi over ti tusen frø. (Tvengsberg, 1995, s. 113). Det som er sitert ovanfor om rugavling i Finland, viser at det i praktisk bråtebruk har vori umogleg å oppnå avlingar på fleire tusen foll. I unntakstilfelle kunne ein få rundt 100 foll.

Korndyrking i allmenningen.
== Korndyrking i allmenningen ==
I Magnus Lagabøters landslov frå 1274 står det at om nokon sår i allmenningen utan å betale leige til kongens ombodsmann, er det kongen som eig kornet (Taranger, 1915, s. 157). Det fekk ein del totningar smerteleg erfare i 1672. Hos Erik Festad hadde husa brunni ned. For å rette opp økonomien ville han dyrke bråterug oppi Veståsen. Han fekk med seg mange på det, brente bråte i skogen, ikkje langt frå Furuset, og sådde. Det er omtrent to mil frå Festad til området der bråterugen vart sådd. Erik hadde ikkje søkt om løyve, og futen, som var kongens ombodsmann, reiste sak. Pål Gihle har skrivi om denne saka, på grunnlag av det som er ført inn i tingboka :
I Magnus Lagabøters landslov frå 1274 står det at om nokon sår i allmenningen utan å betale leige til kongens ombodsmann, er det kongen som eig kornet (Taranger, 1915, s. 157). Det fekk ein del totningar smerteleg erfare i 1672. Hos Erik Festad hadde husa brunni ned. For å rette opp økonomien ville han dyrke bråterug oppi Veståsen. Han fekk med seg mange på det, brente bråte i skogen, ikkje langt frå Furuset, og sådde. Det er omtrent to mil frå Festad til området der bråterugen vart sådd. Erik hadde ikkje søkt om løyve, og futen, som var kongens ombodsmann, reiste sak. [[Pål Gihle]] har skrivi om denne saka, på grunnlag av det som er ført inn i tingboka :

Enten de var helt uvitende om lovene, eller det var for å spare noen dalere, skaffet de seg ikke tillatelse fra fogden. Fogden var helt sikkert kjent med foretaket, men ventet til rugen var skåret og hengt opp, da ble alle deltakerne stevnet til å møte på åstedet. Avlingen var taksert til å være 100 tønner, altså ca 10 tonn, som de mistet, og de måtte betale 6 riksdaler i omkostninger. Retten fant at Erik Festad hadde handlet i misforstand, men føyde til at det var å ønske at fogden behandlet de innstevnte pent. Men rugen tilhørte med all rett kongen.

Linje 58: Linje 62:
Lovregelen frå 1274 som desse totningane vart dømde etter, vart ført vidare i Christian den femtes Norske Lov frå 1687.   

Kamp om ressursane.
== Kamp om ressursane ==
Bråtebruk er ei arealkrevjande bruksform som legg beslag på store utmarksområde. I samfunn der det blir drivi bråtebruk i dag, utgjer det aktive arealet ofte berre 1/15 av arealet som ligg brakk. (Bergersen og Hofset, 1987, s. 60; Boserup, 1977, s. 35).  

Linje 69: Linje 73:
Skoven i almindingen ødelegge disse nybyggere hvert aar med braatehugst og brænding, til dels inden den tilbageværende skov, saa at disse braater ei skal findes uden af en hændelse eller efter megen søgning. Disse braater, naar de findes, blive vel efter øvrighedens foranstaltning dem fradømt, men de hugger og brænder paa ny, og skoven ødelegges. I dette aar alene er de anmeldt for ungefær 20 saadanne braater, som de dog nægter at have hugget og brændt, og saaledes hvert aar.

Bråtebrenninga og landskapet.
== Bråtebrenninga og landskapet ==
Bråtebruket sette sitt preg på landskapet. «Svedjerøjningar sågs ömsom vägen», dei var «kringstängda med gärdsgårdar gjorda av halvbrända trädstammar», fortalde Carl von Linné etter ei reise gjennom Småland midt på 1700-talet (Gadd, 2000, s. 30). Gerhard Schøning drog gjennom Ringsaker i 1775. Der såg han «overalt forekommende Spor og Mærker, efter den her brugelige Huusholdnings-Maade med de saakaldte Sveer eller Brotter. Man saae deri Havre og Byg tillige med Vinter Ruug». (Schøning, 1980, s. 21-22 og 69). «Smerteligt var det mig paa mange Steder paa Hedemarken at se skjønne Lunde og smaa Skoge antændes for at brændes til Braate», heiter det i ei reiseskildring frå 1806 (Skappel, 1904, s. 55).

Også på Toten var landskapet prega av bråtebruket. Vi høyrer om det i ei takst på Kise i Vestbygda 13. oktober 1801. Etter at retten hadde sett på skigardane på garden, gjekk dei vidare til skogen «som befandtes 1/8 deel Soug og Huustømmerskoug, ¼ part ung vexterlig Skoug og de øvrige 5/8 Sveer og kratskov». Over halvparten av Kiseskogen var altså brukt til bråtebruk, medan berre ein åttandedel var hogstmodent tømmer og ein fjordedel ungskog i god vekst.  

Når oppstod bråtebruket, og når kom det åt Toten?
== Når oppstod bråtebruket, og når kom det åt Toten? ==
Bråtebruket, eller svedjebruket, går attende til neolittisk tid (4000-2000 f. Kr.). Det spreidde seg til dei fleste strøka av kloden der det fanst skog som kunne brennast og gi næring til dyrking av åkervekstar. Etter kvart som folketalet voks, vart bråtebruket avløyst av dyrkingsformer som la beslag på mindre areal. Det vil seia åkerbruk. (Boserup, 1977, s. 17; Mazoyer og Roudart, 2006, s. 102, 127 og 217-218; Goltz, 1900, s. 1123).  

Linje 89: Linje 93:
Vi kan ikkje seia sikkert når bråtebruket kom åt Toten. Det vi veit, er at denne dyrkingsmåten var vanleg lenge før finneinnvandringa midt på 1600-talet. Ut frå den kunnskapen vi har om bråtebruk andre stader i verda, kan vi gå ut frå at bråtebruket på Toten var minst like gammalt som åkerbruket. Her var det mykje skog som kunne brennast til bråte, og mykje av skogen stod på næringsrik mark. Det seier seg sjølv at så lenge forholda låg til rettes for bråtebruk, ville denne måten å dyrke korn på bli brukt.

Bråtebruk og nydyrking.
== Bråtebruk og nydyrking ==
 
Det har vori hevda at det norske bråtebruket fyrst og fremst hadde som formål å rydde ny åker. Det kan ikkje vera rett.  

Linje 98: Linje 103:
Ei anna sak er det at etter kvart som folketalet auka, vart mange gamle bråtar tekne i bruk som husmannsplassar og gardsbruk. Det vitnar alle dei stadene som heiter Bråten eller Sveen om, og alle stadnamna som er samansetjingar som sluttar på –bråten og –sveen. Sveen er dativform av svea, bestemt form av ei sve.

Kor lenge heldt bråtebruket seg på Toten?
== Kor lenge heldt bråtebruket seg på Toten? ==
Gjennom arveskifter og rettssaker har vi følgt bråtebruket på Toten i rundt 200 år, frå heilt fyrst på 1600-talet til fyrst på 1800-talet. Når vi ser utanfor Toten, høyrer vi at det vart stadig mindre av denne driftsforma utover 1700-talet. Det er ikkje overraskande når vi kjenner til utviklinga av folketalet i denne perioden. I Europa vart folketalet nesten dobla frå 1750 til 1850. På Toten fekk vi langt bortimot ei tredobling av folketalet frå 1666 til 1801.

På Åker gard i Vang på Hedmarken sådde dei rug i bråte siste gong i 1755 (Todderud, 1998). Soknepresten i Odalen (Strøm prestegjeld) fortel i 1743 at bråtebruket syng på siste verset: «J forrige tiider havde jndvaanerne stoer hielp til deris underholdning af det saakaldet braateland hvorudj die til dels saaede havre og dels rug, mens nu det saakaldt braateland er dem mere indskrenket og til dels forbuden». (Fasting, 2004, s. 83). Også fleire stader lengre sør i Europa vart det slutt på bråtebruket på denne tida. På mindre fruktbar jord i Skotland, delar av England og i Irland heldt det seg til utpå 16-1700 talet (Bath, 1963, s. 10). Andre stader overlevde driftsforma lenger. I fleire skogsområde i Tyskland, Sveits, Belgia og Frankrike dreiv dei ennå med regulært bråtebruk i dei siste tiåra av 1800-talet (Goltz, 1900, s. 1124 og 1126).  
garden [[Åker (Vang på Hedmarken)|Åker]] i [[Vang (Hedmark)|Vang]] [[Hedmarken]] sådde dei rug i bråte siste gong i 1755 (Todderud, 1998). Soknepresten i Odalen (Strøm prestegjeld) fortel i 1743 at bråtebruket syng på siste verset: «J forrige tiider havde jndvaanerne stoer hielp til deris underholdning af det saakaldet braateland hvorudj die til dels saaede havre og dels rug, mens nu det saakaldt braateland er dem mere indskrenket og til dels forbuden». (Fasting, 2004, s. 83). Også fleire stader lengre sør i Europa vart det slutt på bråtebruket på denne tida. På mindre fruktbar jord i Skotland, delar av England og i Irland heldt det seg til utpå 16-1700 talet (Bath, 1963, s. 10). Andre stader overlevde driftsforma lenger. I fleire skogsområde i Tyskland, Sveits, Belgia og Frankrike dreiv dei ennå med regulært bråtebruk i dei siste tiåra av 1800-talet (Goltz, 1900, s. 1124 og 1126).  

På Biri og i Snertingdalen vart det avla rug i bråte til uti 1840-50-åra. (Lauvdal, 1951, s. 161). Det naturlege ville vori at bråtebruket tok slutt tidlegare på Toten enn på Biri og i Snertingdalen. På Toten var det fleire folk og mindre utmarksareal enn i dei skogrike bygdene lengre nord. Men vi veit at det vart dyrka bråterug regelmessig på Toten til langt utpå 1800-talet. I boka om Stor-Bjørnstad i Nordlia skriv Nils Rustad (1943, s. 7): «På Bjørnstad var det almindelig helt til 1860 at et par mål skog blev brent til bråte. Det blev svær avling på disse bråter de 2-3-første år. Så frødde skogen seg igjen». Dette er siste sporet vi kjenner til av regulær rugbråtedrift på Toten.  
På Biri og i Snertingdalen vart det avla rug i bråte til uti 1840-50-åra. (Lauvdal, 1951, s. 161). Det naturlege ville vori at bråtebruket tok slutt tidlegare på Toten enn på Biri og i Snertingdalen. På Toten var det fleire folk og mindre utmarksareal enn i dei skogrike bygdene lengre nord. Men vi veit at det vart dyrka bråterug regelmessig på Toten til langt utpå 1800-talet. I boka om [[Stor-Bjørnstad (Nordlia)|Stor-Bjørnstad]] i Nordlia skriv Nils Rustad (1943, s. 7): «På Bjørnstad var det almindelig helt til 1860 at et par mål skog blev brent til bråte. Det blev svær avling på disse bråter de 2-3-første år. Så frødde skogen seg igjen». Dette er siste sporet vi kjenner til av regulær rugbråtedrift på Toten.  

== Kjelder og litteratur ==
== Kjelder og litteratur ==
Veiledere, Administratorer
173 395

redigeringer