Brand-båtane

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 28. des. 2015 kl. 12:21 av Eldar Høidal (samtale | bidrag) (Ny side: '''Brand-båtane''' var ei rekkje med båtar som sykkylvingen Bernt Fauske rusta ut for å drive kristeleg ungdomsarbeid. Båtane vart også nytta som turistbåtar. Ideen til Brand-bå...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Brand-båtane var ei rekkje med båtar som sykkylvingen Bernt Fauske rusta ut for å drive kristeleg ungdomsarbeid. Båtane vart også nytta som turistbåtar.

Ideen til Brand-båtane vart til under ein samtale mellom dei to sekretærane i Norges Kristelige Ungdomsforbund, Alf Røssvold og Berbnt Fauske i 1926. Begge meinte at organisasjonen burde ha ein båt i teneste for det kristelege ungdomsarbeidet. Då kunne ein komme fram dit ein ville langs kysten og ta med seg dei hjelpemidla ein hadde bruk for.

Den store utfordringa var å få finansieringa på plass. takka vere gode budrag frå næringslivsfolk gjekk det lettare enn dei hadde rekna med. Initiativtakarane mottok gåver som, maskin, omnar, servantar, glas, teppe, gardiner, orgel og mykje meir. I Tjørvåg i Herøy fekk dei stilt slipp og verkstad gratis til disposisjon. Der vart den første Brand-båten bygd i 1927.

Brand I var ein 35 fots motorbåt. Første turen, med seks gutar om bord, gjekk frå Sunnmøre til Røst der det var sommarleir. Brand I vart snart for liten, og i 1929 kom den neste båten i rekkja, Brand II. Etter dette kom dei i tur og orden: Brand III i 1933, Brand IV i 1939, Brand V i 1949, Brand VI i 1954 og Brand VII i 1966.

Noko av eit kjennemerke for Brandbåtane var Nordkappturane. Seinare, då båtane vart større, gjekk turane også til utlandet. Mellom anna vart det arrangert mange Middelhavsturar, der reisemålet var Palestina og Israel.