Buskerud husflidsskule: Forskjell mellom sideversjoner

overskrifter
(kat.)
(overskrifter)
Linje 1: Linje 1:
'''[[Buskerud husflidsskule]]''' kom i drift frå 1956 - fram til kring 1964 under namnet Buskerud kvinnelege husflidsskule. Stortinget hadde i 1948 vedteke at kvart fylke skulle ha minst ein husflidsskule. Det var vanskelege tider og denne typen skular hadde ikkje høgast prioritet. Likevel kom det på plass husflidsskular i dei fleste fylke som mangla slike innan 1950. Buskerud var soleis seint ute.  

== Midlertidig husflidsskule på Gol ==
[[Kristina Slettemoen]], som dreiv vevskule på Gol, meinte det ville høve godt med ein husflidsskule på Gol. Ho kontakta [[Buskerud husflidslag]] om saka, og dei tok opp spørsmålet på årsmøtet i 1950. Året etter valde dei ei nemnd, med Slettemoen som leiar, som skulle arbeide med saka. Nemnda sende ei innstilling til fylkestinget i 1954. Det var interesse for saka, men fylket hadde ikkje pengar å avsjå. Og om dei hadde hatt det, ville dei bygd og drive skulen på [[Lampeland]] i [[Flesberg kommune|Flesberg]].  

Arbeidet vart likevel vidareført i ei ny nemnd nedsatt av fylkestinget. På deira initiativ vart det oppretta ei husflidslinje på [[Numedal folkehøgskule]]. Nemnda innhenta også planar frå fleire kommunar om husflidsskule. Gol skilde seg ut. Dei kunne tilby lokale i [[Gol trevarefabrikk]], sørgje for innkjøp av utstyr og var viljuge til å dekkje delar av husleiga. Dette gjorde at skulen kunne komme i gang på Gol, men fylket såg på dette som ei midlertidig ordning.  

Då departementet tilsette [[Kari Tryti]] som styrar og vevlærarinne og [[Klara Rust|Klara Bøyum]] (seinare Rust) som sømlærarinne, var det i midlertidige stillingar. Den nytilsette styraren sa i eit intervju med Nationen at skulen ville verte eit aktivum for kommunen, og ho var godt nøgd med at dei bygde kombinert gym- og festsal og betalte alt utstyret skulen trengde. Tryti sa vidare at i motsetnad til dei kortvarige husflidskursa, som var meir praktisk retta, ga eit årskurs meir rom for teori. Skulen skulle gi eit godt grunnlag både for dei skulle drive med heimevyrke og dei som tok han som ein forskule til [[Statens kvinnelige industriskole i Oslo|Statens kvinnelige industriskole]], som var svært vanskeleg å komme inn på.  
== Undervisninga ==

Frå starten hadde husflidsskulen to liner, ei for veving og ei for lin- og kjolesaum. Frå 1962 fekk dei ein ekstra saumklasse, og skulen vart toårig. Etter fyrste året konkurrerte elevane om å komme vidare til vevklassen, som kvalifiserte for opptak ved høgare utdanning. Buskerud husflidsskule følgde, i likskap med dei andre fylkeshusflidsskulane, departementets normalplan, som også omfatta allmennfag. Elevar frå heile landet var velkomne, men under elles like forhold, hadde dei frå Buskerud fortrinnsrett.  

== Politisk dragkamp ==
I 1964 vart det igjen politisk dragkamp om husflidsskulen, som etter åtte år fortsatt var rekna som midlertidig. Etter at ordninga med gymnas vart innført, og Gol vann kampen om lokalisering, hadde [[Nesbyen kommune|Nesbyen]] ledige lokaler etter realskulen. Forslaget som vart behandla i fylkestinget, var å opprette eit kvinnelig utdanningssenter i Nesbyen. Dit skulle ein flytte både husflidsskulen på Gol og [[Ål husmorskule|husmorskulen på Ål]]. Styrar Kari Tryti varsla at ho kom til å seie opp stillinga si om forslaget gjekk igjennom. Det gjorde det ikkje.  

30 545

redigeringer