Dagfinn Løken & Co

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 2. apr. 2015 kl. 07:58 av Eldar Høidal (samtale | bidrag) (Ny side: '''Dagfinn Løken & Co''' er eit engrosfirma i Sykkylven som har drive med engrossal av matvarer. Innehavaren, Dagfinn Løken, hadde vore innom fleire yrke då han skipa firmaet i 1972...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Dagfinn Løken & Co er eit engrosfirma i Sykkylven som har drive med engrossal av matvarer. Innehavaren, Dagfinn Løken, hadde vore innom fleire yrke då han skipa firmaet i 1972, og satsa i første rekkje på engrossal av kaker. Seinare har vareutvalet auka mykje; salatar, spekemat, sildeprodukt m.m. Firmaet hadde i 1983 fire bilar i drift, og fem tilsette. Salsdistriktet var då heile Sunnmøre, delar av Nordfjord, Romsdal og Nordmøre.

Eit nytt kontor- og lagerbygg på 450 m2 vart teke i bruk i 1983.

Kjelde:

  • Jon Hole: Handelsnæringa i Sykkylven. Sykkylven 1983.