Der heime (Bykle gnr 18/2): Forskjell mellom sideversjoner

korr.
(oppdatert)
(korr.)
 
Linje 127: Linje 127:
Men Torleiv Bjørgulvsson, som emigrerte i 1844, let seg finne att i Amerika. I den amerikanske folketeljinga frå 1850 er namnet hans skrive som «Tolef Biergasen». Han hadde ein farm i Manchester Township, Boone County, [[Illinois]], og er notert som busett på denne staden i alle folketeljingane f.o.m. 1850 t.o.m. 1880. Ingebjørg, fyrste kona åt Torleiv, er derimot ikkje å sjå i 1850-teljinga, så ho var truleg død fyre denne vart oppteke. Men to små søner, som heitte Bjørgulv og Gjermund, og var 6 og 3 år gamle, var til stades.  
Men Torleiv Bjørgulvsson, som emigrerte i 1844, let seg finne att i Amerika. I den amerikanske folketeljinga frå 1850 er namnet hans skrive som «Tolef Biergasen». Han hadde ein farm i Manchester Township, Boone County, [[Illinois]], og er notert som busett på denne staden i alle folketeljingane f.o.m. 1850 t.o.m. 1880. Ingebjørg, fyrste kona åt Torleiv, er derimot ikkje å sjå i 1850-teljinga, så ho var truleg død fyre denne vart oppteke. Men to små søner, som heitte Bjørgulv og Gjermund, og var 6 og 3 år gamle, var til stades.  


I 1851 gifte Torleiv seg omatt med enka Birgit Eivindsdotter Brokke. Ho var dotter åt Eivind Knutsson Sandnes og andre kona, Liv Grundesdotter, fødd Langeid. Då ho gifte seg med Torleiv, var ho enke etter Knut Augundsson Brokke (H), fødd 1814. Ho og Knut hadde emigrert i 1845, og hadde då borna Augund, f 1838; Eivind, f 1840; Sigrid, f 1841 og Liv, f 1844 (jfr. ''Valle'' II, 364). I Amerika fekk dei William i 1846, Jon i 1848 og Eliza i 1849. Men så døydde Knut same året som den yngste dottera vart fødd, eller kanskje året etter. I den amerikanske folketeljinga frå 1860 ser me at Eivind, Sigrid, William, Jon og Eliza budde hjå mora og den nye mannen hennes. Torleiv og Birgit hadde på denne tid også borna Ingebjørg (Emma), f 1852 og Knut, f 1854. I 1861 fekk dei også ei dotter som heitte Birgit (Betsy), men henne oppdagar me sjølvsagt ikkje fyrr i teljinga frå 1870. Dei to sønene åt Torleiv frå det fyrste ekteskapet, som skulle vore 16 og 13 år i 1860, var ikkje hjå faren då, så ein lyt vel fæle at dei hadde døytt. I 1870-teljinga finn me elles at dei andre borna som var heime då var Eivind, Emma og Knut. Etternamnet vert denne venda notert som «Burgason». I 1880 hadde Torleiv vorte enkemann på nytt, ser me. Nå vert han oppskriven med etternamnet «Burguefson». Den yngste dottera, Birgit frå 1861, var då den einaste av borna som budde heime, men systera Emma var gift med ein Thomas Anderson, budde på farmen ved sidan av Torleiv sin, og hadde på denne tid 4 born (Charles, William, Bert og Etta.) Knut Torleivsson arbeidde hjå systera og mannen hennes, og budde hjå dei. I 1900 finn me Thomas og Emma att på ein farm i Mount Pleasant Township, Racine County, [[Wisconsin]]. Syskena hennes veit me ikkje kvar var på den tida.  
I 1851 gifte Torleiv seg omatt med enka Birgit Eivindsdotter Brokke. Ho var dotter åt Eivind Knutsson Sandnes og andre kona, Liv Grundesdotter, fødd Langeid. Då ho gifte seg med Torleiv, var ho enke etter Knut Augundsson Brokke (H), fødd 1814. Ho og Knut hadde emigrert i 1845, og hadde då borna Augund, f 1838; Eivind, f 1840; Sigrid, f 1841 og Liv, f 1844 (jfr. ''Valle'' II, 364). I Amerika fekk dei William i 1846, Jon i 1848 og Eliza i 1849. Men så døydde Knut same året som den yngste dottera vart fødd, eller kanskje året etter. I den amerikanske folketeljinga frå 1860 ser me at Eivind, Sigrid, William, Jon og Eliza budde hjå mora og den nye mannen hennes. Torleiv og Birgit hadde på denne tid også borna Ingebjørg (Emma), f 1852 og Knut, f 1854. I 1861 fekk dei også ei dotter som heitte Birgit (Betsy), men henne oppdagar me sjølvsagt ikkje fyrr i teljinga frå 1870. Dei to sønene åt Torleiv frå det fyrste ekteskapet, som skulle vore 16 og 13 år i 1860, var ikkje hjå faren då, så ein lyt vel fæle at dei hadde døytt. I 1870-teljinga finn me elles at dei andre borna som var heime då var Eivind, Emma og Knut. Etternamnet vert denne venda notert som «Burgason». I 1880 hadde Torleiv vorte enkemann på nytt, ser me. Nå vert han oppskriven med etternamnet «Burguefson». Den yngste dottera, Birgit frå 1861, var då den einaste av borna som budde heime, men systera Emma var gift med ein Thomas Anderson, budde på farmen ved sidan av Torleiv sin, og hadde på denne tid 4 born (Charles, William, Bert og Etta). Knut Torleivsson arbeidde hjå systera og mannen hennes, og budde hjå dei. I 1900 finn me Thomas og Emma att på ein farm i Mount Pleasant Township, Racine County, [[Wisconsin]]. Syskena hennes veit me ikkje kvar var på den tida.  
   
   
På dette punktet slepper me denne amerikanske ættgreina av syne, og vender attende til Bjørnarå, til den eldste av brørne åt Torleiv. Som me var inne på ovanfor, overtok han farsgarden i 1850.  
På dette punktet slepper me denne amerikanske ættgreina av syne, og vender attende til Bjørnarå, til den eldste av brørne åt Torleiv. Som me var inne på ovanfor, overtok han farsgarden i 1850.  
Veiledere, Administratorer
173 321

redigeringer