Dregel

Ein eller ei dregel (med dialektformer som dreiel (Snm.) og driggel (Ndm.) eller skottdregel (N-Nor.) er eit skvettbord som blir sett på toppen av ripa ved segling i grov sjø for å minske sjansen for å få sjøen inn i båten i le. På båtar med vaterbord blir dreglane sett i hol i vaterbordet; på båtar utan vaterbord ligg dregelen an mot keipane på innersida, på yttersida er det loddrette jarnband som går i hol mellom ripa og langisa, og dreglane er i tillegg festa med jarnkrokar (og tidligare gjerne vidjeband). På somme båtar, særlig åfjordsbåtar med lågt fribord, kan dreglane vera meir permanent festa. Dreglane kan vera enkle eller ha keipar. Åfjordsbåt-dreglar kan ha årehol, og det finst òg tradisjon om geitbåt-dreglar med årehol.

Driglar i geitbåt-femring i Båthallen til Norsk Maritimt Museum.
Foto: Olve Utne
Åfjords-halvfjerming med dreglar med årehol.
Foto: Olve Utne (2009).

Ordformer

Nordmøre blir ordet oftast bruka i fleirtal, i forma drigla eller driglå. Eintalsforma for driglå er ei driggel (tonem 1). Det er usikkert kva eintalet for drigla er.

Kjelder

Heimelsfolk