Dregel

Sideversjon per 1. feb. 2012 kl. 14:09 av Olve Utne (samtale | bidrag) (Ny side: Ein eller ei '''dregel''' (med dialektformer som ''dreiel'' (Snm.) og ''driggel'' (Ndm.) eller '''skottregel''' (N-Nor.) er eit skvettbord som...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)

Ein eller ei dregel (med dialektformer som dreiel (Snm.) og driggel (Ndm.) eller skottregel (N-Nor.) er eit skvettbord som blir sett på toppen av ripa ved segling i grov sjø for å minske sjansen for å få sjøen inn i båten i le. På båtar med vaterbord blir dreglane sett i hol i vaterbordet; på båtar utan vaterbord ligg dregelen an mot keipane på innersida, på yttersida er det loddrette jarnband som går i hol mellom ripa og langisa, og dreglane er i tillegg festa med jarnkrokar (og tidligare gjerne vidjeband). På somme båtar, særlig åfjordsbåtar med lågt fribord, kan dreglane vera meir permanent festa. Dreglane kan vera enkle eller ha keipar, og det finst òg tradisjon om dreglar med årehol.

Ordformer

Nordmøre blir ordet oftast bruka i fleirtal, i forma drigla eller driglå. Eintalsforma for driglå er ei driggel (tonem 1). Det er usikkert kva eintalet for drigla er.

Kjelder

Heimelsfolk