Drontheim (båt)

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 28. mar. 2015 kl. 23:04 av Olve Utne (samtale | bidrag) (Ny side: <onlyinclude>'''Drontheim (båt)''' eller '''Greencastle yawl''', òg kalla ''north coast yawl'', er ein tradisjonell, spissgatta ro- og seglbåt med røter frå Midt-Noreg...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Drontheim eller Greencastle yawl, òg kalla north coast yawl, er ein tradisjonell, spissgatta ro- og seglbåt med røter frå Midt-Noreg i Donegal i Irland og Londonderry og Antrim i Nord-Irland. Opphavet til båttypen er båtar som var med som tilleggslast på fartøy som frakta is og tømmer til Skottland og Irland frå 1700-talet av. Båttypen har utvikla seg vidare lokalt. Bruksområdet var tradisjonelt dels linefiske og drivgarnfiske, og dels generell lokaltransport og tangskjering. Drontheimbåten kan vera opptil 28 fot og er tradisjonelt rigga med ei eller to mastrer med sprisegl og fokk. Ved kappsegling vart det bruka større rigg, og da vart det påsett dreglar for betre fribord. Båttypen vart introdusert i Canada av irske båtbyggjarar og heiter det Collingwood skiffs.

Litteratur

  • MacPolin, Donal: The Drontheim : forgotten sailing boat of the North Irish coast. Dublin : PlayPrint, 1992. ISBN 0951998404