Dverggeit

Dverggeit er fellesnamn for geiterasar av vestafrikansk opphav som første gong vart innført til Europa på 1600-talet. I 1950-åra vart det innført dverggeiter til USA for bruk i dyrehagar og i forsking. Dverggeitene har vorte importert til Noreg frå dei siste åra av 1900-talet av. Dei to rasane er nigeriansk dverggeit, som er relativt slank og nett; og afrikansk pygmégeit, som er fyldigare bygd. I Noreg blir desse geitene stort sett bruka som kjæledyr og hobbydyr, og dei er populære på besøksgardar og i dyreparkar.

Dverggeit og treåring på Granmo Camping i Oppdal kommune.
Foto: Olve Utne (2010).