Eidsborg Ungdomslag: Forskjell mellom sideversjoner
Ingen redigeringsforklaring |
(Kategori) |
||
Linje 13: | Linje 13: | ||
Arkivet etter Eidsborg Ungdomslag er ordna ved [[Vest-Telemark Museum]]. Oversikta over arkivet finn ein på [http://arkivportalen.no/side/arkiv/detaljer?arkivId=no-VTM_arkiv_000000000982 arkivportalen]. | Arkivet etter Eidsborg Ungdomslag er ordna ved [[Vest-Telemark Museum]]. Oversikta over arkivet finn ein på [http://arkivportalen.no/side/arkiv/detaljer?arkivId=no-VTM_arkiv_000000000982 arkivportalen]. | ||
[[Kategori:Telemarksarkivet]] | |||
[[Kategori:Tokke kommune]] | [[Kategori:Tokke kommune]] | ||
[[Kategori:Ungdomsforeninger]] | [[Kategori:Ungdomsforeninger]] | ||
[[Kategori:Etableringer i 1909]] | [[Kategori:Etableringer i 1909]] | ||
{{nn}} | {{nn}} |
Sideversjonen fra 14. feb. 2018 kl. 15:29
Eidsborg Ungdomslag i Tokke blei skipa i 1909 og er framleis aktivt.
Historikk
Den fyrste formannen i Eidsborg Ungdomslag var Eivind Gjermundsen Kleppo. Frå byrjinga hadde ikkje ungdomslaget nokon fast møtestad, men samla seg i skulestova eller på gardane i Eidsborg. I årsskiftet 1918/19 fekk laget eige hus som vart kalla "Ravnegjuv".
Aktivitetane i laget var frå byrjinga av å få til underhaldning for ungdomen på laurdagane. Laget arrangerte festar med spelemenn og friluftsaktivitetar. Mellom anna vart det skipa til skirenn i Vindlausbakken i Eidsborg. Amatørteatret hadde også ein brei plass i laget. I 1914 fekk Eidsborg Ungdomslag sitt eige handskrivne blad, "Gauken".
På midten av 1960-talet var det lite aktivitet i laget, men utover 1980-åra vart aktiviteten tatt opp at.
I dag har ungdomslaget samlingsstad i kjellaren på grendehuset i Eidsborg.
Arkiv
Arkivet etter Eidsborg Ungdomslag er ordna ved Vest-Telemark Museum. Oversikta over arkivet finn ein på arkivportalen.