Elisabeths Broderisalong

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 3. apr. 2015 kl. 13:26 av Eldar Høidal (samtale | bidrag) (Ny side: '''Elisabeth´s Broderisalong''' var ei spesialforretning i handarbeidsartiklar i Sykkylven. Butikken vart opna i 1982 og hadde hovudvekt på utstyr og materialar for strikking, hekl...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Elisabeth´s Broderisalong var ei spesialforretning i handarbeidsartiklar i Sykkylven. Butikken vart opna i 1982 og hadde hovudvekt på utstyr og materialar for strikking, hekling og brodering. I tillegg til ordinære varer, vart det også satsa på meir sjeldne ting, t.d. spesielle sortar garn og tråd, som vart lagerførde i fleire hundre fargar frå norske, svenske og finske fabrikkar. Mange typar dukar og hekla brikker høyrde og med til vareutvalet.

Eigarane, Bergljot Weiberg Aurdal og Elisabeth Garshol, hadde begge lang røynsle i handarbeid. Dei leigde også ut dåpskjolar, og tok mot ty til rensing.

Kjelde:

  • Jon Hole: Handelsnæringa i Sykkylven. Sykkylven 1983.