Ertsholmen (Fedje): Forskjell mellom sideversjoner

m
Lenking
mIngen redigeringsforklaring
m (Lenking)
Linje 26: Linje 26:
1. '''Anders Persen''' er nemnd på Holmen alt frå 1630, så truleg har bruket vore utskilt alt då. I 1640 og 1641 vart det kalla '''Nedre Holmen''', og Ertsholmen frå 1644. Skattelistene tyder på at Anders i tillegg brukte ein tredel av [[Holmen (gardsbruk i Fedje)|Holmen]] frå 1644 til 1648. I 1640 fekk han 10 rdl i bot for mistak (svindel?) med sild. På hausttinget i [[Lindås kommune|Lindås]] 1643 skulle han forklara seg i ei sak, men møtte ikkje og måtte derfor bøta 1 mark sølv. Saka var at Jon Ivarsen [[Holmen (bruk i Fedje)|Holmen (4)]] hadde kalla Anders ein tjuv. Jon kunne ikkje nekta for at han hadde sagt dette då dei krangla. Han vart dømd til å bøta 4 mark eller å forlika seg med Anders. I koppskatten 1645 er han oppført utan familie, men med ein dreng. Matrikkelen 1665 syner at ein kunne fø to naut her, utsåd er ikkje nemnt. Anders er oppført på Ertsholmen på skattelistene fram til 1668. Han er derimot ikkje med i manntalet for 1666. Forklaringa på dette finn me m.a. i tingbøkene. Det er først ei sak i 1646 om sal av eit hus på Bruknappen i Lindås (sjå òg Alenfitb. I s 284-288). Enkja Anna Larsd hadde selt huset både til Anders Persen på Fedje, borgar i [[Bergen]], og Jens Eriksen Leirvågen i [[Austrheim kommune|Austrheim]] (jf Austrheimb. I s 29). Retten tilkjende Anders huset, då han førte prov for at han hadde kjøpt det først. Bruknappen er ein gjestgivar/handelsstad slik som Holmen (Kremmarholmen), og Anders dreiv handel der. Etter at han hadde kjøpt denne eigedomen, flytta han dit. Tingbøkene syner at det var også han som hadde handelen på Fedje, men den vart no driven ved hjelp av ein kjøpsvein. Ein måtte vera borgar i Bergen for å kunna driva handel på landet, og det er grunnen til at Anders er nemnd slik. Tingbøkene syner at det var stendige konfliktar med leiglendingane på Fedje. I 1648 hadde han stemna Knut Sveinsen Moldøyna ([[Moldøyna (Fedje gnr 170 bnr 5)|gnr 170 bnr 5-3]]), Jon Olsen og Nils Nedst-Tangen ([[Nedst-Tangen (Fedje gnr 168 bnr 27)|gnr 168 bnr 27-2]]) samt Johannes og Magne Børo ([[Børo (Fedje gnr 168 bnr 24)|gnr 168 bnr 24-6]]) for retten pga uoppgjort gjeld, så her var det inga «kjære mor». Ein Anders Jakobsen og sonen Knut var stemna på same tinget, også for gjeld frå den tida dei budde på Fedje, m.a. husleige for seks år. Dei hadde no rømt derfrå, men vart førde for retten med tvang. Anders meinte at Knut burde straffast på kroppen, då han ulovleg hadde slutta i tenesta hjå han. Knut bad for seg, og sa han hadde gjort det av ungdom og uforstand. Anders tilgav han då, og straffa vart at Knut skulle tena hjå han til gjelda var betalt, med avkorta lønn. I 1650 gjekk det på æra laus, då Jon Nedst-Tangen ([[Nedst-Tangen (Fedje gnr 168 bnr 27)|gnr 168 bnr 27-2]]) hadde komme med skuldingar mot Anders. Han stemna Jon for tinget, og bad enten om prov for skuldingane, eller at Jon skulle straffast for dei. Jon vedkjende no at han ikkje hadde noko å klaga på Anders, men at han hadde handla med han «oppriktig og vel», og dersom han hadde sagt noko usant, bad han Anders ha tolmod med han. Slik slutta saka. I 1653 stemna Anders på nytt Knut Sveinsen Moldøyna, då han ikkje hadde gjort opp for seg slik dei tidlegare hadde avtala. Men Knut møtte ikkje for retten.

2. Kjøpsveinen til Anders Persen (nr 1) var truleg den '''Hans Hansen''' som er kalla tiendmann (dvs. innkrevjar av tienda) i tingbøkene. Han stemna i 1651 Mons Sørensen Nord-Tangen ([[Nord-Tangen (Fedje gnr 168 bnr 25)|gnr 168 bnr 25-6]]) for å ha kalla han med ufine ord då han kom og skulle krevja inn tienda. Det enda med at dei tok kvarandre i handa for retten og vart forlikte. I 1652 stemna Hans Knut Øvre Stuberg ([[Øvre Stuberg (Fedje)|Øvre Stuberg 4]]), Anders Grenda ([[Grenda (Fedje gnr 168 bnr 17)|gnr 168 bnr 17-4]]) og Johannes Muren ([[Muren (Fedje gnr 168 bnr 18)|gnr 168 bnr 18-5]]) for manglande innbetaling av landvareavgift. Lensmannen Lars Husa skulle mekla mellom dei. I 1652 stemna Hans Jon Olsen Nedst-Tangen ([[Nedst-Tangen (Fedje gnr 168 bnr 27)|gnr 168 bnr 27-2]]) for manglande innbetaling av gjeld. På den andre sida vart Hans stemna av Jon for slagsmål på Jon sin båt. Hans vedkjende at han hadde gjeve Jon ein øyrefik. I 1655 kom Hans på tinget med eit skriv frå Ola Stuberg ([[Stuberg (Fedje gnr 168 bnr 19)|gnr 168 bnr 19-5]]), der sistnemnde pantsette sine beste eignelutar for gjeld til Hans. Det må vera den same Hans Hansen Fedje som er oppført i hustakseringa i Bergen i 1657. Han var borgar i Bergen, og hadde altså eigedom der. Han er nemnd som avliden ved ei kyrkjevigsling på Fedje i 1659, sjå Fedjeb. s 41.
2. Kjøpsveinen til Anders Persen (nr 1) var truleg den '''Hans Hansen''' som er kalla tiendmann (dvs. innkrevjar av tienda) i tingbøkene. Han stemna i 1651 Mons Sørensen Nord-Tangen ([[Nord-Tangen (Fedje gnr 168 bnr 25)|gnr 168 bnr 25-6]]) for å ha kalla han med ufine ord då han kom og skulle krevja inn tienda. Det enda med at dei tok kvarandre i handa for retten og vart forlikte. I 1652 stemna Hans Knut Øvre Stuberg ([[Øvre Stuberg (Fedje)|Øvre Stuberg 4]]), Anders Grenda ([[Grenda (Fedje gnr 168 bnr 17)|gnr 168 bnr 17-4]]) og Johannes Muren ([[Muren (Fedje gnr 168 bnr 18)|gnr 168 bnr 18-5]]) for manglande innbetaling av landvareavgift. Lensmannen Lars [[Husa (Fedje gnr 168 bnr 5)|Husa]] skulle mekla mellom dei. I 1652 stemna Hans Jon Olsen Nedst-Tangen ([[Nedst-Tangen (Fedje gnr 168 bnr 27)|gnr 168 bnr 27-2]]) for manglande innbetaling av gjeld. På den andre sida vart Hans stemna av Jon for slagsmål på Jon sin båt. Hans vedkjende at han hadde gjeve Jon ein øyrefik. I 1655 kom Hans på tinget med eit skriv frå Ola Stuberg ([[Stuberg (Fedje gnr 168 bnr 19)|gnr 168 bnr 19-5]]), der sistnemnde pantsette sine beste eignelutar for gjeld til Hans. Det må vera den same Hans Hansen Fedje som er oppført i hustakseringa i Bergen i 1657. Han var borgar i Bergen, og hadde altså eigedom der. Han er nemnd som avliden ved ei kyrkjevigsling på Fedje i 1659, sjå Fedjeb. s 41.

3. '''Knut Hansen''' f. 1645 (etter alder i 1701) er den neste me veit budde på Ertsholmen. Han er oppført på skattelistene frå 1691 til 1694, og i manntalet 1701, då med Knut Johannessen Kvalvåg 11 år (Lindås, sjå Lygrab. s 192). Men han var her alt i 1682, for då er han nemnd i tingboka. Han stemna Ola Husa ([[Husa (Fedje gnr 168 bnr 7)|gnr 168 bnr 7-5]]) fordi Ola hadde skulda han for å ha teke fiskelinene hans. Ola sa på tinget at han berre hadde spurt etter linene sine som var sette i sjøen. Han hadde ikkje skulda Knut for noko. Retten meinte at ingen av partane skulle påtalast. Knut stod fadder i 1699 og 1702, etter den tid hører me ikkje meir til han.

Linje 34: Linje 34:
7. '''Knut Larsen''' hadde heller ikkje kone eller born ifølgje kyrkjeboka. Han er første gongen nemnd her i 1754, då tenaren hans Brita Larsd var vitne i ei sak i tingboka. Han stod fadder i 1757, og er oppført på ekstraskattelista 1762-1767 som brukar på Ertsholmen. Meir veit me ikkje om han.

{{Thumb|S315.169.1CD 10 001.jpg|«Holmen» (bnr 6) om lag 1920, 2. byggetrinn til høgre. Båten til venstre er M/S «Linnea» H-17-AM. Det var ei svenskeskøyte, lengd 52 fot, motor 12 HK Skandia, eigarar Johan Thomassen Koppen, Ole Bertelsen Koppen og Martinus Rasmussen Muren.|}}

8. '''Engel Mikkelsd''' f. 1731 Brakøyna, Lygra i [[Lindås kommune|Lindås]] d. 1802 (jf Lygrab. s 247) g.1.g. 1766 m. '''Ivar Eriksen''' f. 1737 Fonnes, [[Austrheim kommune|Austrheim]] d. 1786 (son av Erik Rasmussen f. 1699 d. 1781 og Marta Monsd f. 1701 d. 1760, jf Austrheimb. I s 252). Ingen born. Ivar fekk i 1766 tinglyst bygselsetel frå Joakim Dankertsen. Ivar var los. Både i tingboka, kyrkjeboka og skifteprotokollen er det brukt namnet Vågen om dei, men skattelista syner at dei budde på Ertsholmen (sjå innleiinga her). Det var skifte etter Ivar i 1786. Arvingane var enkja Engel og søskena hans frå Fonnes, m.a. broren Ola Blåstokken (16) som òg var død og etterlét borna Besse, Udna og Anna. Det går fram av skiftet at Ivar kom bort på sjøen og at han ikkje vart attfunnen. Dette var den 19. august, Ivar vart seinare funnen, for han vart gravfesta den 22. oktober ifølgje kyrkjeboka, samstundes med Lars Skotholmen ([[Skotholmen (Fedje gnr 170 bnr 1)|gnr 170 bnr 1-10]]), Mathias Eide ([[Eide (Fedje gnr 168 bnr 15)|gnr 168 bnr 15-10]]) og Jon Kopper ([[Kopper (Fedje gnr 168 bnr 2)|gnr 168 bnr 2-7]]), som alle omkom i same ulykka. Det var eit rikt bu etter Ivar med verdiar for 185 rdl og berre vel 2 rdl i gjeld, utanom skiftekostnadene på 10 rdl. Dei hadde m.a. i reie pengar heile 132 rdl, eit sølvbelte, to sølvspenner, ein sølvring, ein koparkjele, ein tinnkumme, ein messinglysestake, eit skap, to gryter, ei bakstehelle, ei smørkinne, ein stamp, eit par vassbøtter, ein ambar, 14 mjølkekoller, eit spann, ei hoggøks, ein navar, ein jernspade, ei sag, ein hammar, ei bomme med lås, to kister med lås og to utan, tre øltønner, ei furutønne, ei trantønne, to sildefjerdingar, ein gammal seksæringsbåt, ein færingsbåt, eit fiskesnøre, eit anker, fem kyr, ein vêr og ein sau med lam.
8. '''Engel Mikkelsd''' f. 1731 Brakøyna, Lygra i [[Lindås kommune|Lindås]] d. 1802 (jf Lygrab. s 247) g.1.g. 1766 m. '''Ivar Eriksen''' f. 1737 Fonnes, [[Austrheim kommune|Austrheim]] d. 1786 (son av Erik Rasmussen f. 1699 d. 1781 og Marta Monsd f. 1701 d. 1760, jf Austrheimb. I s 252). Ingen born. Ivar fekk i 1766 tinglyst bygselsetel frå Joakim Dankertsen. Ivar var los. Både i tingboka, kyrkjeboka og skifteprotokollen er det brukt namnet Vågen om dei, men skattelista syner at dei budde på Ertsholmen (sjå innleiinga her). Det var skifte etter Ivar i 1786. Arvingane var enkja Engel og søskena hans frå Fonnes, m.a. broren Ola [[Blåstokken (Fedje)|Blåstokken]] (16) som òg var død og etterlét borna Besse, Udna og Anna. Det går fram av skiftet at Ivar kom bort på sjøen og at han ikkje vart attfunnen. Dette var den 19. august, Ivar vart seinare funnen, for han vart gravfesta den 22. oktober ifølgje kyrkjeboka, samstundes med Lars Skotholmen ([[Skotholmen (Fedje gnr 170 bnr 1)|gnr 170 bnr 1-10]]), Mathias Eide ([[Eide (Fedje gnr 168 bnr 15)|gnr 168 bnr 15-10]]) og Jon Kopper ([[Kopper (Fedje gnr 168 bnr 2)|gnr 168 bnr 2-7]]), som alle omkom i same ulykka. Det var eit rikt bu etter Ivar med verdiar for 185 rdl og berre vel 2 rdl i gjeld, utanom skiftekostnadene på 10 rdl. Dei hadde m.a. i reie pengar heile 132 rdl, eit sølvbelte, to sølvspenner, ein sølvring, ein koparkjele, ein tinnkumme, ein messinglysestake, eit skap, to gryter, ei bakstehelle, ei smørkinne, ein stamp, eit par vassbøtter, ein ambar, 14 mjølkekoller, eit spann, ei hoggøks, ein navar, ein jernspade, ei sag, ein hammar, ei bomme med lås, to kister med lås og to utan, tre øltønner, ei furutønne, ei trantønne, to sildefjerdingar, ein gammal seksæringsbåt, ein færingsbåt, eit fiskesnøre, eit anker, fem kyr, ein vêr og ein sau med lam.

9. Enkja Engel Mikkelsd (8) g.2.g. 1788 m. '''Kristian Nilsen''' f. 1763 [[Børo (Fedje gnr 168 bnr 24)|Børo (gnr 168 bnr 24-13b)]] d. 1838. Bygselbrev 1787 frå Dankert Dankertsen Heiberg på Ertsholmen. Frå 1794 til 1796 budde Kristian sin bror Hans Nilsen med familie her, sjå [[Børo (Fedje gnr 168 bnr 24)|Børo (gnr 168 bnr 24-15)]]. I kyrkjeboka vart Engel og Kristian kalla Vågen, slik som nr 8. Derimot er det brukt Ertsholmen ved [[Folketellingen 1801|folketeljinga 1801]]. Engel og Kristian budde då her saman med enkja Johanna Hansd ([[Husa (Fedje gnr 168 bnr 9)|Husa gnr 168 bnr 9-2]]), som «nyder hus af barmhjertighed». Ved takseringa i samband med [[Jordavgiften 1802|jordavgifta 1802]] vart verdien av bruket sett til 75 rdl.

10. Enkjemannen Kristian Nilsen (9) g.2.g. 1803 m. '''Brita Rasmusd''' f. 1770 Øksneset, [[Austrheim kommune|Austrheim]] d. 1824 (dotter av Rasmus Nilsen d. 1779 og Magdeli Rasmusd f. 1741, jf Austrheimb. III s 472). <blockquote>Born: '''''a.''''' ''Engel Maria Kristiansd'' f. 1805 d. 1864, neste brukar (11). '''''b.''''' ''Ingeborg Kristiansd'' f. 1809 d. 13 veker gl.</blockquote>11. '''Engel Maria Kristiansd''' f. 1805 på dette bruket (10a) d. 1864 g.1.g. 1822 m. '''Ivar Jonasen''' f. 1795 Uthaugen (gnr 168 bnr 20-2a) d. 1831. Ingen born. Bygselbrev på Ertsholmen i 1821 frå Kristoffer Kahrs. Frå 1831 til 1833 budde som innerstar her Kari Andersd og Erik Hansen Smiholmen med familie, sjå der (1).  
10. Enkjemannen Kristian Nilsen (9) g.2.g. 1803 m. '''Brita Rasmusd''' f. 1770 Øksneset, [[Austrheim kommune|Austrheim]] d. 1824 (dotter av Rasmus Nilsen d. 1779 og Magdeli Rasmusd f. 1741, jf Austrheimb. III s 472). <blockquote>Born: '''''a.''''' ''Engel Maria Kristiansd'' f. 1805 d. 1864, neste brukar (11). '''''b.''''' ''Ingeborg Kristiansd'' f. 1809 d. 13 veker gl.</blockquote>11. '''Engel Maria Kristiansd''' f. 1805 på dette bruket (10a) d. 1864 g.1.g. 1822 m. '''Ivar Jonasen''' f. 1795 [[Uthaugen (Fedje gnr 168 bnr 20)|Uthaugen (gnr 168 bnr 20-2a)]] d. 1831. Ingen born. Bygselbrev på Ertsholmen i 1821 frå Kristoffer Kahrs. Frå 1831 til 1833 budde som innerstar her Kari Andersd og Erik Hansen [[Smiholmen (Fedje)|Smiholmen]] med familie, sjå der (1).  

12. Enkja Engel Maria Kristiansd (11) g.2.g. 1833 m. '''Sjur Larsen''' f. 1809 på Austrheim d. 1864. Dei budde her fram til 1838, og eldste barnet er født her. I 1835 hadde dei 3 storfe og 4 sauer, og sådde ¼ tn både av havre og potet. Så flytta dei til Stuberg, sjå [[Husmenn på Stuberg|husmenn 2]] der.  

Skribenter
546

redigeringer