Evjetun leirstad og ungdomssenter: Forskjell mellom sideversjoner

bildefiks, f1
(Korr.)
(bildefiks, f1)
Linje 1: Linje 1:
'''Evjetun leirstad og ungdomssenter''' i Evje på Agder er ein av dei om lag tretti leirstadane [[Norsk Luthersk Misjonssamband]] (NLM) har i Noreg. Evjetun er ein topp moderne leirstad som driv forskjellige former for barne- og ungdomsarbeid. Sjølve «flaggskipet» på Evjetun er leirskuleverksemda, ti veker om våren og ti om hausten. Då kan det vere opp mot 120 leirskuledeltakarar per veke. Evjetun vart bygt i 1961. Då reiste NLM mange leirstader kring i landet.   
<onlyinclude><includeonly>[[Bilde:Evjetun 1960-åra.jpg|thumb|Slik såg leirstaden ut i mange år.]]</includeonly>
2. pinsedag 1961 vart Evjetun leirstad vigsla av hovudstyreformann [[Kristian Haanes]]. Bortimot tusen menneske – langt over det ein hadde reikna med – var møtt fram til vigslingshøgtida, skriv krinssekretær [[Olav Kleven]] i ''Ut i all verden'' nr. 3 1961. Møtesalen kunne på langt nær romme alle dei frammøtte. Men dagen var solrik og varm og dei som sat ute, kunne fylgje med på arrangementet via høgtalar. Haanes heldt vigslingstalen over Luk 5: 1-11. Eg var med blant tilhøyrarane denne dagen. [[Notto Flaat]] hadde sett opp buss frå [[Flatebygd]]. På Setesdalsvegen ved Evjetun stod lensmannsbetjent Salvesen og dirigerte trafikken. Å sjå så mykje folk samla på ein stad, var ikkje kvardagskost for ein tenåring frå Flatebygd. Misjonsvenene gledde seg over den store og vakre leirstaden ein nå hadde fått midt i krinsen. Oppslutninga om leirar som hadde vorte arrangerte kring i krinsen i etterkrigstida, hadde vore aukande. Leirar for born og tenåringar hadde blitt arrangert frå slutten av 1940-åra både på [[Drottningborg handelsskule]] og ungdomsskulen på [[Kvås]]. I tillegg vart det på 1950-talet arrangert leirar fleire stader.  Nokre år hadde dei leir på [[Løddesøl]] og – hugsar eg ikkje feil – i [[Reddal]]. Her på Evje blei den gamle amtskulen på [[Galteland]] brukt til leirar nokre sommarar. I siste halvpart av 1950-talet vart det arrangert leir både sommarstid og i påska i heimen til Brødrene Gautestad der [[Gautestad Kurs- og Misjonssenter]] nå ligg. Leirane eg var med på, hadde mykje å seie for å peike ut livskursen min. Sjølv om forholda på nokre av stadene der leir vart arrangerte, var svært enkle og sikkert tungvinne og arbeidskrevande for dei som gjennomførte leiren, så hadde me leirdeltakarane det gildt med mykje skjemt og gama. Framleis hender det at nokre av oss som var saman på leir, mimrar om morosame opplevingar frå den tida.
'''Evjetun leirstad og ungdomssenter''' i [[Evje]] [[Aust-Agder|Agder]] er ein av dei om lag tretti leirstadane [[Norsk Luthersk Misjonssamband]] (NLM) har i Noreg. Evjetun er ein topp moderne leirstad som driv forskjellige former for barne- og ungdomsarbeid. Sjølve «flaggskipet» på Evjetun er leirskuleverksemda, ti veker om våren og ti om hausten. Då kan det vere opp mot 120 leirskuledeltakarar per veke. Evjetun vart bygt i 1961. Då reiste NLM mange leirstader kring i landet.   
2. pinsedag 1961 vart Evjetun leirstad vigsla av hovudstyreformann [[Kristian Haanes]]. Bortimot tusen menneske – langt over det ein hadde reikna med – var møtt fram til vigslingshøgtida, skriv krinssekretær [[Olav Kleven]] i ''Ut i all verden'' nr. 3 1961. Møtesalen kunne på langt nær romme alle dei frammøtte. Men dagen var solrik og varm og dei som sat ute, kunne fylgje med på arrangementet via høgtalar. Haanes heldt vigslingstalen over Luk 5: 1-11. Eg var med blant tilhøyrarane denne dagen. [[Notto Flaat]] hadde sett opp buss frå [[Flatebygd]]. På Setesdalsvegen ved Evjetun stod lensmannsbetjent Salvesen og dirigerte trafikken. Å sjå så mykje folk samla på ein stad, var ikkje kvardagskost for ein tenåring frå Flatebygd. Misjonsvenene gledde seg over den store og vakre leirstaden ein nå hadde fått midt i krinsen. Oppslutninga om leirar som hadde vorte arrangerte kring i krinsen i etterkrigstida, hadde vore aukande. Leirar for born og tenåringar hadde blitt arrangert frå slutten av 1940-åra både på [[Drottningborg handelsskule]] og ungdomsskulen på [[Kvås]]. I tillegg vart det på 1950-talet arrangert leirar fleire stader.  Nokre år hadde dei leir på [[Løddesøl]] og – hugsar eg ikkje feil – i [[Reddal]]. Her på Evje blei den gamle amtskulen på [[Galteland]] brukt til leirar nokre sommarar. I siste halvpart av 1950-talet vart det arrangert leir både sommarstid og i påska i heimen til Brødrene Gautestad der [[Gautestad Kurs- og Misjonssenter]] nå ligg. Leirane eg var med på, hadde mykje å seie for å peike ut livskursen min. Sjølv om forholda på nokre av stadene der leir vart arrangerte, var svært enkle og sikkert tungvinne og arbeidskrevande for dei som gjennomførte leiren, så hadde me leirdeltakarane det gildt med mykje skjemt og gama. Framleis hender det at nokre av oss som var saman på leir, mimrar om morosame opplevingar frå den tida.</onlyinclude>

== Planar om leirstad ==
== Planar om leirstad ==
Med den sterke vind som leirverksemda hadde framover på 1950-talet, var det naturleg at ein begynte å tenke i retning av ein permanent leirstad. Sommaren 1951 kom lensmann [[Arne Askildsen]] tilbake frå eit møte i hovudstyret i NLM og kunne fortelje at formannen i hovudstyret på den tida, misjonær [[Even Staurseth]], hadde vore så begeistra for ein leir [[Oslo krets]] hadde arrangert på [[Solbukta leirstad]] i [[Østfold]]. Askildsen meinte ein burde få til ein leirstad på ein av misjonen sine eigedomar på [[Agder]]. Krinsungdomsnemnda fekk i oppdrag å arbeide vidare med denne saka.

Linje 15: Linje 15:

== Evjetun leirstad blir reist ==
== Evjetun leirstad blir reist ==
 
[[Bilde:Evjetun 1960-åra.jpg|thumb|Slik såg leirstaden ut i mange år.]]
Krinsstyret hadde av krinsårsmøtet i 1957 fått mynde til å gå i gang med bygging av leirstad så snart spursmålet om tomt var i orden. Byggenemnd vart oppnemnd, og då tomtespursmålet var løyst, fekk arkitekt [[Gunnar Fjermeros]] i oppdrag å teikne bygget. Samstundes sette ein i gang med innsamling av pengar og materiale. [[Sverre Pettersen]] og [[Ingvald Pettersen]] var på innsamlingstur oppetter [[Setesdal]]. Det var vel helst vener av Misjonssambandet dei oppsøkte, men Ingvald fortalte at ein stad var Sverre også innom presten. Presten svara i første omgang at han visste ikkje om han kunne gje noko sidan det var så mange gode føremål å gje til. Sverre gav seg ikkje, og resultatet vart at dei fekk ei pengegåve også av presten.  

Linje 21: Linje 21:

Ein rekna med at cirka kr. 150.000,- i form av pengar, materiale og arbeid på dugnad blei gitt til reising av leirstaden. Mellom anna blei pengar som ein fekk av salet av garden Hårtveit i Grindheim, gjeve til Evjetun. Halvparten av summen misjonen fekk på salet av eigedomen (Kaffistova) som hadde tilhøyrt Anna Odde i Evje sentrum, gjekk også til bygginga av Evjetun. Anna Odde hadde i sitt testamente skrive at ho håpte «at min eiendom og mine midler må få være til velsignelse for Misjonssambandet på Evje og ute på misjonsmarken.»
Ein rekna med at cirka kr. 150.000,- i form av pengar, materiale og arbeid på dugnad blei gitt til reising av leirstaden. Mellom anna blei pengar som ein fekk av salet av garden Hårtveit i Grindheim, gjeve til Evjetun. Halvparten av summen misjonen fekk på salet av eigedomen (Kaffistova) som hadde tilhøyrt Anna Odde i Evje sentrum, gjekk også til bygginga av Evjetun. Anna Odde hadde i sitt testamente skrive at ho håpte «at min eiendom og mine midler må få være til velsignelse for Misjonssambandet på Evje og ute på misjonsmarken.»
[[Bilde:Evjetun 1960-åra.jpg|thumb|Slik såg leirstaden ut i mange år.]]
 
Bygget vart reist. Tor Berg og mennene hans stod for betongarbeidet, og [[Gunnar Dovland]] og hans snekkargjeng tok seg av trearbeidet. Kjellaretasjen inneheldt møtesal med plass til cirka 200 personar, kjøkken, matboder og matsal til 130 menneske. I første høgda var det ti soverom, to leiarrom, kontor og ein liten styrarbustad. Loftet hadde så stor takhøgde at ein kunne innreie rom der, noko som seinare vart gjort.  

== Evjetun i drift ==
== Evjetun i drift ==
Misjonen la nå i åra frametter dei fleste leirane til Evjetun. Mange andre av misjonens arrangement blei også lokaliserte til Evjetun. Krinsarbeidarmøta i NLM fann i mange år stad på Evjetun i januar. Om sommaren blei plenen framfor hovudbygget brukt til campingturistar. Og etter ei tid kom ein også i gang med bibelcamping i tillegg til leirar for born og tenåringar. Campingverksemda har vakse. I dag er campingdrifta ein svært viktig del av den samla verksemda som gjeng føre på Evjetun. Også mange foreiningar, lag og forsamlingar som ikkje tilhøyrer NLM, har gjennom åra leigd Evjetun til forskjellige arrangement.

Linje 35: Linje 34:

== Litt generelt om utviklinga av leirarbeidet i NLM ==
== Litt generelt om utviklinga av leirarbeidet i NLM ==
 
Den fyrste leiren i NLM vart arrangert på [[Onsøy]] i [[Østfold]] i 1937. Det var ein leir for gutar. For oss høyrest det underleg at både hovudstyret og krinsstyret i Oslo hadde tillatt dette tiltaket under tvil. Men då skal me hugse på at det var ei ny arbeidsform i NLM. Til nye arbeidsformer er ein gjerne skeptiske og tvilande. Då [[Johannes Thorvaldsen]], som på fleire måtar var ein føregangsmann i barne- og ungdomsarbeidet i NLM, vart innkalla til eit leiarmøte for å gjere greie for leirprogrammet og han nemnde at ordet «lek» stod der, vart han avbroten av lekmannshovdingen Ludvig Hope som spurte litt kvast: «Leik?» Thorvaldsen som sjølv fortel denne episoden, legg til at han «rødmet helt opp til hårkanten under det sterke blikket frå lederhøvdingen og kom litt ut av fatning. Han fikk imidlertid gitt sin rapport, og møtet ga sin tilslutning til et eventuelt nytt forsøk. Men det ble kraftig understreket at det måtte ikke skje noen utglidning mot en lett og allmenreligiøs arbeids- og møteform.»
Etter det eg har funne ut, vart den fyrste leiren i NLM arrangert på [[Onsøy]] i [[Østfold]] i 1937. Det var ein leir for gutar. For oss høyrest det underleg at både hovudstyret og krinsstyret i Oslo hadde tillatt dette tiltaket under tvil. Men då skal me hugse på at det var ei ny arbeidsform i NLM. Til nye arbeidsformer er ein gjerne skeptiske og tvilande. Då [[Johannes Thorvaldsen]], som på fleire måtar var ein føregangsmann i barne- og ungdomsarbeidet i NLM, vart innkalla til eit leiarmøte for å gjere greie for leirprogrammet og han nemnde at ordet «lek» stod der, vart han avbroten av lekmannshovdingen Ludvig Hope som spurte litt kvast: «Leik?» Thorvaldsen som sjølv fortel denne episoden, legg til at han «rødmet helt opp til hårkanten under det sterke blikket frå lederhøvdingen og kom litt ut av fatning. Han fikk imidlertid gitt sin rapport, og møtet ga sin tilslutning til et eventuelt nytt forsøk. Men det ble kraftig understreket at det måtte ikke skje noen utglidning mot en lett og allmenreligiøs arbeids- og møteform.»

Under krigen arrangerte NLM leirar på fleire stader i landet. Men reiserestriksjonar og lite mat sette sjølvsagt grenser for denne arbeidsforma. Etter krigen auka det på med leirar, og på 1950-talet var leiraktiviteten stor, ikkje berre på Agder, men utover heile landet. Nå tok ein også til å bygge leirstader. Bygging av leirstader må ha vore på sitt høgaste omkring 1960, då også Evjetun vart bygt. I 1965 var fylgjande leirstader i drift:

Linje 104: Linje 102:
[[Kategori:Religion og livssyn i Aust-Agder]]
[[Kategori:Religion og livssyn i Aust-Agder]]
[[Kategori:Evje og Hornnes kommune]]
[[Kategori:Evje og Hornnes kommune]]
{{f1}}
76

redigeringer