Feios kulturløype

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 26. jun. 2014 kl. 11:18 av Sigrun Espe (samtale | bidrag) (Ny side: {{under arbeid}} Feios er ei lita bygd med mykje historie. I høve kulturminneåret har me laga ei kulturløype som tek deg med på ein rundtur i bygda. ==Løypeinformasjon== *Antatt t...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk
Arbeid pågår: Vennligst ikke rediger artikkelen mens arbeidet pågår. Se redigeringshistorikken for detaljer.

Det har trolig ikke vært gjort noen endringer på artikkelen den siste uka. I så fall kan denne markeringa fjernes, men sjekk redigeringshistorikken og eventuelt diskusjonssida først.

Feios er ei lita bygd med mykje historie. I høve kulturminneåret har me laga ei kulturløype som tek deg med på ein rundtur i bygda.

Løypeinformasjon

  • Antatt tidsforbruk: 2 timar
  • Framkomstmiddel: Til fots
  • Lengde i km: ca 8 km
  • Arrangør: Feios skule og Feios bygdalag
  • Fylke: Sogn og Fjordane
  • Kommune: Vik
  • Navn: Feios skule 8.-10. klasse

Turen startar i Osen, her kan du finne spor etter jektefart og strandsitjarar. Du vel sjølv om du vil gå den gamle stien opp Kleivadn, eller om du vil følgje bilvegen oppover på vestsida av dalen.

Gå forbi tunet på Helland og ta ein stopp ved det gamle skulehuset. Den gamle skulevegen over Riset er desverre i dårleg stand, så difor er det best å ta inn på den nye sambindingsvegen.

På veg nedatt på andre sida av dalen, kan du gjere ein sving oppom gamle idrettsbana og ta turen heim over markene mot Brennene. Frå Brennene tek du stien som går nedover til ungdomshuset som er siste posten i løypa vår.

Ha ein god og minnerik tur!


Astridstova

Astridstova er ei svært gammal tømmerstove og vart truleg bygd på 1700-talet. Stova vert kalla Astridstova etter Astrid Monsdotter Osen (1896-1981). Stova har også vore kalla Havmanns-Gjertrudstova og Barbrastova. I denne stova har det budd folk som vart kalla strandsitjarar.

Les meir

Gravfunn i Kleivadn

Det er funne ei grav i Kleivadn oppe i bakken vest for Feioselvi. I fylje bygdeboka kan det tenkast at det har vore haug eller røys over grava, men no har vegen øydelagt dette. I utgravinga i 1924 fann dei ut at det var ei båtgrav frå yngre jernalder (550-1050 e.Kr). Dei fann båtsaum i ei lengd av 3m.

Les mer...

Bedehuset i Berdal

Bygginga av bedehuset starta i 1930, men det sto ikkje ferdig før i 1941. Huset består av to delar, det opphavlege huset med valma tak og eit seinare påbygg på oppsida. I Sognevarden sto det i 1941 å lesa at det nye bedehuset var plassert på den mest sentrale plassen i bygda.

Les mer...

Hjelsengstova

Hjelsengstova vart bygd på 1800 talet. Her budde Nils og Marta Hjelseng med seks ungar. Huset er omlag 30 kvadratmeter. I kjellaren hadde dei ei kyr og 2-3 sauer. Nils jobba som skomakar. Marta og Nils døydde i 1948.

Les mer...

Sigurd Helland

Sigurd (f. 1921) bur på Helland. Han er framleis ein ivrig jeger som har jakta sidan tidleg i barndommen. Han skaut si første rypa då han var 14, og sidan har han skote både hjort, rein, rev og anna småvilt. Er du heldig å treffa på han, har han alltid ei god jakthistorie på lur.

Les mer...

Skulehuset på Helleland

Skulehuset vart fyrst bygd i Berdal i 1863. I 1879 vart bygningen flytta til Helleland. Helleland skule var ein todelt skule der dei yngste elevane gjekk på skulen tysdag, torsdag og laurdag, og dei eldste gjekk dei tre andre kvardagane. Lokalet vart etter kvart for lite til å oppfylle krava som skulelova av 1959 medførte. I 1962 var tida som skulehus over, og elevane vart flytta til Feidjane.

Les mer...

Sagbruket i Øyane

Sagbruket i Øyane vart bygd av Johannes Tveit i 1929- 1930. Tømmeret kom frå dalane og vart skore på sirkelsag. Under krigen produserte dei knott som vart nytta til drivstoff. Ved elva stod det og ei mølle og ein slipestein.

Les mer...

Smia på Brennene

Smia på Brennene var den største ljåsmia i Sogn. Den fyrste me kjenner til som brukte smia var Brenne-Jo, Jon S. Dræge. Han var smed på Brennene på 1870-tallet. Gudvin Tveit dreiv smia fram til 1940-tallet.

Les mer...

Idrettsbana

Ungdomshuset

Ungdomshuset vart bygd i 1922, men det stod ikkje heilt ferdig før i 1927. Feios ungdomslag bygde det for at dei skulle ha ein eigen plass å møtast. Ungdomshuset har vorte pussa opp fleire gonger. I 1986 bygde dei på vetlesalen.

Les mer...


Valknute Kaar 2009.gif Hele eller deler av Feios kulturløype er basert på en artikkel fra prosjektet Kulturminneløypa og er lagt ut på lokalhistoriewiki.no under lisensen cc-by-sa. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Når artikkelen har fjernet seg tilstrekkelig fra originalen, kan dette merket fjernes.
Flere artikler finnes via denne alfabetiske oversikten.