Feios kyrkje

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Arbeid pågår: Vennligst ikke rediger artikkelen mens arbeidet pågår. Se redigeringshistorikken for detaljer.

Det har trolig ikke vært gjort noen endringer på artikkelen den siste uka. I så fall kan denne markeringa fjernes, men sjekk redigeringshistorikken og eventuelt diskusjonssida først.

Feios kyrkje vart bygd i 1866,og er ei kvitmåla langkyrkje i nygotikk og sveitserstil.

Feios kyrkje
Foto: Jan Magne Borlaug Rinde/eige foto

Feios kyrkje er teikna av arkitekt Jacob Wilhelm Nordan og byggmeistaren heitte Johannes Øvsthus og kom frå Hosanger prestegjeld. Kyrkja vart bygd i staden for den gamle Rinde stavkyrkje. Da stavkyrkja vart riven på nyåret i 1866, byrja straks arbeidet med å byggja den nye kyrkja. Ei ny kyrkjelov vart vedtatt i 1851 og denne lova fekk konsekvensar for mange av stavkyrkjene i Noreg fordi ho gav pålegg om at det skulle vera plass til 3/10 av folketalet i bygdelaget eller soknet. Dette påbodet førte til at gamle kyrkjer måtte utvidast eller byggjast på nytt.