Feios kyrkje

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Arbeid pågår: Vennligst ikke rediger artikkelen mens arbeidet pågår. Se redigeringshistorikken for detaljer.

Det har trolig ikke vært gjort noen endringer på artikkelen den siste uka. I så fall kan denne markeringa fjernes, men sjekk redigeringshistorikken og eventuelt diskusjonssida først.

Feios kyrkje er teikna av arkitekt Jacob Wilhelm Nordan. Byggmeistaren heitte Johannes Øvsthus og kom frå Hosanger prestegjeld på Osterøy. Kyrkja vart bygd i 1866 i staden for den gamle Rinde stavkyrkje som vart riven same året.

Feios kyrkje er ei kvitmåla langkyrkje i nygotikk og sveitserstil. Kyrkja er bygd på Rinde kyrkjestad og er truleg den tredje kyrkja på denne staden. Gardsnamnet er Rinde der kyrkja står, gardsnummer 160, og kyrkja ligg ved fylkesveg 182. Kyrkjestaden Rinde ligg ved Sognefjorden, og her ligg Rindestodi. Like i nærleiken, på Børenganeset, er ei gravrøys frå bronsealderen.

Feios kyrkje
Foto: Jan Magne Borlaug Rinde/eige foto

Historikk

Da stavkyrkja vart riven på nyåret i 1866, byrja straks arbeidet med å byggja den nye kyrkja. Ei ny kyrkjelov vart vedtatt i 1851 og denne lova fekk konsekvensar for mange av stavkyrkjene i Noreg fordi ho gav pålegg om at det skulle vera plass til 3/10 av folketalet i bygdelaget eller soknet.(Tschudei-Madsen, 1981) Dette påbodet førte til at gamle kyrkjer måtte utvidast eller byggjast på nytt. Etter denne Kyrkjelova av 1851 var lagnaden til den gamle Rinde stavkyrkje avgjort. Den 7.september i 1858 var det synfaring på den gamle stavkyrkja i Feios. "Besigtigelsesprotokollen" påviser fleire manglar ved kyrkja. Både tårnet og kyrkja er "meget brøstfældigt" og golvet "paa søndre Side, Tid efter Anden, nedsunken og svært heldende. Bindingsværket i det Hele saare svagt". Dette var truleg hovudgrunnen til den vidare prosessen som førte til riving i 1866.

Ein annan grunn var truleg nasjonsbygginga som fann stad utover 1800-talet, innføring av ei ny arkitektonisk stilretning hadde sitt opphav i det såkalla Eisenachdirektivet og hadde utvikla seg frå Prøysen og Nord-Tyskland (Bjerkek,2005). Planleggingsfasen med nytt kyrkjebygg i Feios tok omlag 8 år frå den fyrste synfaringa til kyrkja stod ferdig i desember 1866. I den prosessen kom det til "Menigheden" og "communebestyrelsen" inn teikning med forslag til nytt kyrkjebygg frå bergenskunstnaren Tycho Christoffer Jæger (1819-1889) som på den tida budde i Feios. Men desse teikningane meiner sokneprest Johan D. Haslund har store manglar og han protesterer på det sterkaste mot denne planen. Resultatet av denne prosessen enda med at J.W.Nordan sine teikningar for Feios kyrkje vart nytta. (Rinde, 2016)

Dekor

Interiøret i Feios kyrkje er i hovudsak slik det var da kyrkja var ny i 1866. Altertavla og orgel kom på plass ei tid etterpå. Preikestolen, alter og alterring er uendra frå den tida. Dei gamle benkene vart bytta ut i 1962, og dei noverande benkene kom på plass da. Veggene innvendig både i kyrkjeskip og kor er umåla tømmervegger med ein gyllen framtoning etter 150 års elde. Overgangen mellom kyrkjeskipet og koret har kne i kvart takhjørne som ein dekorativ detalj.