Feirdalen

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Feirdalen og kalla Fairdalen(uttale Fæirdalen) var ein gamal sæterstøyl som låg i dalen med same namn i Høydalen. Støylen vart nedlagt ein gong på 1700-tallet. Sel og fjøsar blei flytta til Rinddalsstøylen.

Sætra låg ved inngangen til Feirdalskoppen ca. 600 m.o.h. inst i den flate Feirdalen. Dalen ligg innestengd mellom høge fjell, der Matøskja er høgast med sine 1332 m.o.h. Elva, som renn frå Feirdalsvatnet, svingar seg roleg ned gjennom dalen før ho stupar utfor og endar i Stillarkrokane, inst inne i Langedalen. I sør vendar utgangen mot Fladalen i Nordfjord.

Gamle dokument syner at det var brukarane i Høydalsdalen og Indre Høydalen som hadde beite og sæterrett i Feirdalen. Det fortalde Johannes Høydal til Valborg Hustadnes. Der var to sel og to fjøsar, gardane Midgarden og Bakkane hadde eit, og Høydalsdalgardane hadde eit.

Eit segn fortel at det var eit troll som hoppa frå Skarehornet til Bøjoldalshornet og landa i Feirdalen, derav kjem dei to kjerna, som ligg oppe i Feirdalen.

I 1998 datt to kviger utfor ein 15 meter høg hammar, til høgre for Tripet i dalmunningen. Dei redda den eine kviga (0294 Karoline), men den andre måtte dei naudslakte på staden.


Kjelder

  • Hustadnes, Valborg 2005: Sæterliv i Voldafjell, band 1 side 184.
  • Intervju: med Oddlaug G. Høydal, dato: 31.8.2009
  • Segn, folkemunne i Høydalen.