Fiolin

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Fele blir omdirigert hit. Sjå òg hardingfele.

Vanlig fiolin, òg kalla fele, flatfele eller tyskfele, er eit strykeinstrument i fiolinfamilien. Fiolinen har fire strenger, som vanligvis er stemt g d' a' e" , og i motsetning til hardingfela har han normalt ikkje understrenger. Tradisjonelt har fiolinen vorte bruka til både klassisk musikk og folkemusikk/gammaldans. I samband med folkemusikk blir han oftast kalla fele — og gjerne flatfele eller tyskfele for å skilje mellom fiolin og hardingfele. I dag blir fiolinen bruka i dei fleste musikktypane.

Historie

Fiolinfamilien ser ut til å vera ein nykonstruert instrumentfamilie frå ca. 1520. Han byggjer på dei tidligare strykeinstrumenta, inkludert viola da gamba, som han òg er oppkalla etter. Til å begynna med vart fiolinen utstyrt med tjukke tarmstrenger, og han var eit relativt lydsterkt instrument. Det vart eksperimentert noko med ulike strengesortar, og Heinrich Schütz (1585–1672) uttrykte sin frustrasjon da metallstrengene han likte å rigge opp fiolinar med vart tekne ut av produksjon. Framover mot slutten av 1600-talet var det framleis svært tjukke tarmstrenger som galdt i det solo-dominerte Italia, men i Frankrike hadde dei begynt å bruke tynnare strenger i det meir tutti-dominerte Frankrike. Der begynte dei òg med omspunne strenger for å få instrumenta meir lettspela i bassen — deriblant halvomspunnen tarmstreng til d-strengen som framleis er i bruk for hardingfela i dag.

Scordatura eller felestille

Normalstemminga for fiolinen er, som nemnt ovanfor, g d' a' e" . Både i klassisk musikk og i folkemusikk blir det òg bruka andre stemmingar. I klassisk musikk blir dei andre stemmingane kalla scordatura. Det mest kjente eksempelet på scordatura er Die Rosenkranz-Sonaten (ca. 1676) av den bøhmiske fiolinvirtuosen Heinrich Ignaz Franz (von) Biber, et verk med 15 sonatar og ein passacaglia der det blir bruka 15 ulike stemmingar.

I den norske felemusikken blir det òg bruka fleire stemmingar — eller stille, som det gjerne blir kalla i folkemusikken. Dei fire mest bruka stilla er:

  • nedstemt bas - g  d' a' e"
  • oppstemt bas - a  d' a' e"
  • oppstemt ters - a  e' a' e"
  • trollstemt - a  e' a' c#"

Eit anna kjent, men mykje mindre bruka, stille frå Setesdal er:

  • gorolaus’e bas’e - f  d' a' e"

Det stillet er særlig bruka til rameslåttane.

Denne siden er en spire.
Du kan hjelpe den
til å vokse seg
stor og sterk!
Quercus robur1 ies.jpg
Denne sida er ei spire.
Du kan hjelpe henne
til å vekse seg
stor og sterk!