Firkanttun

Sideversjon per 25. nov. 2023 kl. 22:56 av Olve Utne (samtale | bidrag) (Teksterstatting – «[[Kategori:f» til «[[Kategori:F»)

Firkanttun er ein tuntype der bygningane ligg ordna kring eit firkanta tun. Firkanttun kan vera opne, med mellomrom mellom bygningane, eller lukka, med lite mellomrom mellom bygningane. Firkanttun, gjerne i lukka eller heilt attbygd form, er svært vanlege i store deler av Tyskland og Austerrike. I Skandinavia er dei lukka firkanttuna tradisjonelt vanlege i Danmark og Sverige, så vel som i Trøndelag og delvis i dalane på indre Nordmøre. Opne firkanttun er særleg vanlege på store deler av Austlandet.

Firkanttun på bnr. 2 av Svanem i Hemne kommune.
Foto: Olve Utne
Firkanttun av samanbygd type i Nordfriesland i Schleswig-Holstein.
Foto: Dirk Ingo Franke

Sjå òg