Florø krins

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 18. mai 2016 kl. 13:06 av Annetteholme (samtale | bidrag) (Ny side: Florø skule i tidlegare Florø ladested var einaste skulen i Florø sentrum. Skulen har hatt tre skulebygg, der det tredje skulehuset, bygd 1934, framleis er i bruk i dag. F...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Florø skule i tidlegare Florø ladested var einaste skulen i Florø sentrum. Skulen har hatt tre skulebygg, der det tredje skulehuset, bygd 1934, framleis er i bruk i dag.

Florø ladested bestod av innmarka til dei to gardane Øvre Florø (prestegarden) og Nedre Florø. Byområdet strakte seg frå Gaddevågen i aust til kring 40 meter forbi moloen som i si tid vart bygd mellom Fugleskjera og fastlandet. Området hadde ei lengd på kring 1,5 km og utgjorde 720 mål. Skulekrinsen favna om same område.

Første skulehuset vart bygd midt i krinsen i 1866 og står framleis i dag, Malkeneshuset. Etter kvart vart det første skulehuset for lite og eit nytt skulehus med to etasjar vart sett opp like ved det gamle skulehuset i 1890 (der sjukehuset står i dag). 3. desember 1918 tok det til å brenne i skulehuset i skuletida, det var med nød og neppe at elevar og lærarar redda seg ut i tide. Kommunen tok opp lån og byrja arbeidet med å setje opp ein ny skule på branntomta. Kostnadane vart for høge og dei kom aldri lenger enn grunnmuren. Florø fekk ikkje nytt skulehus før i 1934. I mellomtida måtte skulen ut på leige. Det vart innreidd fire klasserom i rådhuset, men i 1922 braut det også ut brann der. Vidare vart det leigd skulerom i fleire hus, blant anna den gamle tingstova, losjelokalet Breidablikk og Bedehuset i Markegata.

Skuleveg

Florø skulekrins favna om same området som Florø ladested. Alle tre skulehusa vart plassert i same område, omtrent midt i krinsen. Dette gav korte skulevegar på under 1 km for skulelevane i krinsen.

Skulehus

Malkeneshuset

  • Byggeår: 1866
  • Fungerte som skule: 1866-1890
  • Anna bruksområde: Har vore i privat eige i Malkenes-slekta sidan 1890.

Florø folkeskole

  • Byggeår: 1890
  • Fungerte som skule: 1890-1918
  • Anna bruksområde: Skulehuset brann ned 13. desember 1918

Florø barneskole

  • Byggeår: 1934
  • Fungerte som skule: 1934 -
  • Anna bruksområde: Fungerer framleis som skule.

Lærarar

Foto

  • [1] Oppføring av Florø folkeskole 1934
  • [2] Oppføring av Florø folkeskole 1934
  • [3] Interiør gymnastikksalen i Florø folkeskole 1935, i høve 75-års jubileet til Florø by.
  • [4] Born leikar på skuleplassen 1945-1950
  • [5] Prospektkort av Florø folkeskole 1957-1959
  • [6] Prospektkort av Florø folkeskole, sett frå aust, 1957-1959
  • [7] Fest på skuleplassen 1960, i høve 100-års jubileet til Florø by.

Kjelder og litteratur

Prenta kjelder

  • Lothe, Anders A. (1971) Skulesoga i Kinn prestegjeld gjenom hundrad år 1762-1860. Flora sogenemnd.
  • Stavang, Harald J. (1999) Flora, kulturhistorisk vegvisar.

Digitale kjelder

Ikkje-prenta kjelder