Folkemusikkarkivet i Telemark

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 1. des. 2017 kl. 12:59 av Per Ormestøyl (samtale | bidrag) (Ny side: '''Folkemusikkarkivet i Telemark''' driv innsamling og formidling av folkemusikk i Telemark. Hovudoppgåvene er å ta vare på dei rike folkemusikktradisjonane i fylket og å arb...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Folkemusikkarkivet i Telemark driv innsamling og formidling av folkemusikk i Telemark. Hovudoppgåvene er å ta vare på dei rike folkemusikktradisjonane i fylket og å arbeide for at folkemusikken også i framtida skal vera ei levande kulturytring. Folkemusikkarkivet i Telemark er oppretta av Telemark fylkeskommune. Drifta er lagt til Telemark kulturnettverk, og arkivet har lokale i Gullbring kulturanlegg i .

Historikk

Sidan 1980-talet har det blitt drive målretta innsamling av folkemusikk i Telemark. Dei fyrste åra blei innsamlinga drive på prosjektbasis, med midlar løyvde av Telemark fylkeskommune frå år til år. Hausten 1998 blei det fatta vedtak om å opprette eit permanent arkiv, og Folkemusikkarkivet i Telemark blei etablert året etter. Det er fylkeskommunen og kommunane som finansierer drifta av arkivet.

Arkivet driv innsamling over heile fylket, dels ved eige dokumentasjonsarbeid og dels ved å ta imot materiale frå andre. Over tid er det bygd opp ei variert samling av og om folkemusikk og folkedans i Telemark. Alle interesserte kan få tilgang til samlinga ved å kontakte arkivet. Ein kan også vende seg til oss med spørsmål som gjeld folkemusikk og folkedans.

Arkivet

Folkemusikkarkivet har over 8 000 registrerte artiklar og andre dokument om folkemusikk og utøvarar, hovudsakleg i Telemark. Her finst informasjon om musikk og dans frå langt attende i tida og fram til i dag. Hovudtyngda av dette materialet er avisartiklar, men her finst også andre artiklar, bøker, ulike manuskript og diverse anna skriftleg materiale. Vi har dei fleste utgåvene av Spelemannsbladet, samt fleire andre tidsskrift.

Samlinga er søkbar på folkemusikkarkivet si heimeside.

Opptakssamlinga

Opptakssamlinga til Folkemusikkarkivet omfattar over 17 000 kutt. Det meste av dette er lydopptak, ein mindre del er videoopptak. Opptaka er av varierande kvalitet, avhengig av alder, opptakssituasjon, opptaksutstyr som er nytta og alder/tilstand på utøvaren. Det meste av samlinga er upubliserte opptak, men utgitte fonogram finst også i mindre omfang.

Samlinga er søkbar på Folkemusikkarkivet si heimeside.

Kjelder