Folkestad (Fyresdal)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Folkestad gav namn til Folkestadbyen.
Foto: Ukjend / Norsk Folkemuseum.

Folkestad (Fyresdal gnr. 37/5) er ein bygning i Folkestadbyen i Fyresdal med adresse Skippergata 4. Snikkaren Knut Larsson leigde ei tomt frå Århus i 1887, på den tida hadde dei budd på Folkestad i fleire år. Moland Forbruksforening hadde satt opp ei krambu her i 1874, dette var fyrste huset i "Byen".

Ein del av bustadsområdet som i 1880 åra danna seg på Århus (Fyresdal gnr. 37), vart i 1891 skyldsett som bnr. 5 med ei skyld på 57 øre. Dette fekk Daniel Pålson Svalestog kjøpe frå gardeigaren, Gunleik Sigurdson, for 4400 kroner same året. Eiget gjekk i 1892 vidare til Jon Kjetilson Kiland som i tida frametter bygsla bort, dels selde frå, mange tomter.

Knut Larsson vart seinare maskinist på dampskipet. Etter han var det Olav Knutson Folkestad som fekk huset, han var mekanikar og telefonarbeidar og gifte seg i 1925 med Signe Olavsdtr. Nape.

Etter bygningen Snippen er Folkestad det eldste huset i Folkestadbyen, og det eldste som er bevart i 2019. Noko før 2010 er bygningen blitt grundig rehabilitert og restaurert. På det eine fotografiet ser vi at der er ein stallbygning til venstre for huset. Eigedomen Folkestad gav namn til Folkestadbyen, og gata framom har likeeins fått namnet Folkestadgata.


Biletgalleri

Kjelder og utdjupande lesnad

  • Lauvdal, Hans Andor: Skippergata i Fyresdal. Ein artikkel i "Sjå deg attyvi" 1990 Fyresdal Sogelag, s. 11, 14.
  • Marvik, Steinar: Fyresdal. Gards- og ættesoge. Fyresdal kommune 1992
  • Ormtveit, Astrid og Landvik, Olav: Hus og folk i Folkestadbyen. Sjå deg attyvi. Fyresdal Sogelag 2009. S. 5-34.