Folkestad (Fyresdal)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Folkestad gav namn til Folkestadbyen.
Foto: Ukjend / Norsk Folkemuseum.

Folkestad (Fyresdal gnr. 37/5) er ein bygning i Folkestadbyen i Fyresdal kommune med adresse Skippergata 4.

17. februar 1872 heldt Moland Forbruksforening sitt fyrste årsmøte. 24. april peikar styret ut tomt til nytt hus, eit jordstykke på 1 ½ mål vert leigd i 1874 for årleg 1 ½ spd. Dette var eit stykke åker/eng på Århus grunn, Folkestad. Halvor Sitje og Daniel Svolestog fekk i oppdrag å flytte hit eit aktuelt hus. Huset kjøpte dei på N. Bondal (Fyresdal gnr. 64/2) i Kleivgrend, det kom frå Vodd. Her kom då det fyrste huset i det som skulle verte "Byen" i Fyresdal. I 1877 fekk Moland Forbruksforening eit anna forretningsbygg ved makeskifte med skreddar Tarjei Sundsli som hadde Folkestadgata 24. Kva det vart av "krambua" på Folkestad er ikkje kjend.

Snikkaren Knut Larsson leigde ei tomt frå Århus i 1887, på den tida hadde dei budd på Folkestad i fleire år.

Ein del av bustadsområdet som i 1880 åra danna seg på Århus (Fyresdal gnr. 37), vart i 1891 skyldsett som bnr. 5 med ei skyld på 57 øre. Dette fekk Daniel Pålson Svalestog kjøpe frå gardeigaren, Gunleik Sigurdson, for 4400 kroner same året. Eiget gjekk i 1892 vidare til Jon Kjetilson Kiland som i tida frametter bygsla bort, dels selde frå, mange tomter. Husmannsplassen Snippen høyrde til Prestegarden, låg i nordre del av dette området, men har ikkje noko med etableringa av "Byen" i Fyresdal å gjere.

Knut Larsson vart seinare maskinist på dampskipet. Etter han var det Olav Knutson Folkestad som fekk huset, han var mekanikar og telefonarbeidar og gifte seg i 1925 med Signe Olavsdtr. Nape.

Folkestad er det eldste huset som er bevart i 2019. Noko før 2010 er bygningen blitt grundig rehabilitert og restaurert. På det eine fotografiet ser vi at der er ein stallbygning til venstre for huset, eller kan det vere den gamle krambua?? Eigedomen Folkestad gav namn til Folkestadbyen, og gata framom har likeeins fått namnet Folkestadgata.


Biletgalleri

Kjelder og utdjupande lesnad

  • Lauvdal, Hans Andor: Skippergata i Fyresdal. Ein artikkel i "Sjå deg attyvi" 1990 Fyresdal Sogelag, s. 11, 14.
  • Marvik, Steinar: Fyresdal. Gards- og ættesoge. Fyresdal kommune 1992
  • Ormtveit, Astrid og Landvik, Olav: Hus og folk i Folkestadbyen. Sjå deg attyvi. Fyresdal Sogelag 2009. S. 5-34.