Formfin

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 28. des. 2012 kl. 15:55 av Eldar Høidal (samtale | bidrag) (Ny side: Formfin er ein møbelfabrikk som ligg i Hundeidvik i Sykkylven kommune. Verrksemda vart etablert i 1946 av brørne Lars og Jakob Utgård, Johnny Myrseth og Magne Bueide. Opptaket til be...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Formfin er ein møbelfabrikk som ligg i Hundeidvik i Sykkylven kommune. Verrksemda vart etablert i 1946 av brørne Lars og Jakob Utgård, Johnny Myrseth og Magne Bueide.

Opptaket til bedriftet kan ein spore tilbake til 1938. Då gjekk Lars og Jakob Utgård saman om Stålullfabrikken. Lars hadde vore i USA nokre år, og han kom heim att med litt kapital. For desse pengane kjøpte han ein stålullmaskin i Stordal. Småindustrikontoret i Ålesund hjelpte dei to karane i gang og sytte for salet. I fleire år heldt dei til i kjellaren i stovehuset som faren hadde bygd på bruket Sjøbakken i 1902. Ved sida av at dei laga såpeblanda stålull nytta dei stålråstoffet til å lage bordknivar og muskeier. Det var meir å tene på slike varer enn på stålulla.

Dei hadde planar om å halde fram med stålullproduksjonen etter krigen. Difor bygde dei fabrikk i trematerialar ved kaia i Hundeidvik i 1947. Men det synte seg at det var uråd å få tak i utstyr som kunne erstatte den etter kvart utslitne stålullmaskina.

Då dei byrja å spekulerere på kva dei skulle bruke bygget til, fall tankane naturleg på møbelproduksjonen.