Forside:Aure kommune

Fra lokalhistoriewiki.no
Revisjon per 12. jan. 2008 kl. 05:34 av Olve Utne (Samtale | bidrag) (Ny side: <!-- Høyre kolonne --> <div style="width: 34%; float: right;"> {{Portal fokus|Aure_kommune|bilde=Nordre Øyhus.jpg}} {{Portal underside|Eksterne portaler}} {{Portal tickerboks|%Aure%}} </d...)

(diff) ← Eldre revisjon | Nåværende revisjon (diff) | Nyere revisjon → (diff)
Hopp til: navigasjon, søk
Nordre Øyhus.jpg
1576 Aure komm 2006-.png
Aure er ein av dei elleve kommunane på Nordmøre og ligg i Møre og Romsdal fylke. Kommunen ligg nordaust på Nordmøre og grensar til Smøla over Edøyfjorden i nord, til Hitra over Trondheimsleia i nordaust, til Hemne over land i aust, til Halsa og Tingvoll over Vinjefjorden i sør, og til Kristiansund over Talgsjøen i vest. Saman med Smøla og Halsa utgjer kommunen distriktet Nordre Nordmøre. Regionsmessig sett ligg kommunen i brytningsområdet mellom Nordmøre, Fosen og Orkdalen. Bunadsskikken varierer mellom nordmørsbunad (særleg på Tustna) og aure/hemne-bunaden. Lokalavisene er Nordvestnytt (Smøla/Aure) og Søvesten (Aure/Hemne). Dei mest lesne regionalavisene er Tidens Krav (Kristiansund) og Adresseavisen (Trondheim). Kystlaget Geitbåtens Venner (og tidlegare Imarsundet kystlag òg) held til i kommunen. Det har vore fleire justeringar av kommunegrensene. Fram til 1964 var kjerneområdet av det som i dag utgjer Aure tre kommunar — Tustna, Aure og Stemshaug. Stemshaug vart ihopslegen med Aure i 1965; og samtidig vart vestsida av Ertvågsøya overført frå Tustna til Aure, og innersida av Ertvågsøya, som hittil hadde hørt til Valsøyfjord kommune, vart lagt til Aure. Engdal og Rodal sørom Vinjefjorden, som låg under Aure fram til 1974, vart overført til Halsa i 1975. Tustna vart ihopslegen med Aure kommune den 1. januar 2006.
Eksterne portaler
Forside:Aure kommune/Eksterne portaler
Ingen artikler

Extension:DynamicPageList (DPL), version 2.3.0 : Warning: No results.

Extension:DynamicPageList (DPL), version 2.3.0 : Warning: No results.