Frøyrak (Bygland): Forskjell mellom sideversjoner

m
internlenking
mIngen redigeringsforklaring
m (internlenking)
Linje 19: Linje 19:
{{thumb|Spelemannssteinen.JPG|På denne stolforma steinen utpå Sikkomodden sat spelemennene medan folk dansa på vollen nedanfor – difor namnet Spelemannssteinen. Han var i bruk langt inn på 1900-talet.|Tormod Tveitå (2011).}}
{{thumb|Spelemannssteinen.JPG|På denne stolforma steinen utpå Sikkomodden sat spelemennene medan folk dansa på vollen nedanfor – difor namnet Spelemannssteinen. Han var i bruk langt inn på 1900-talet.|Tormod Tveitå (2011).}}
[[Fil:TorjusOdden 0001.jpg|Torjus Odden (Torjus Olavson 1825 – 1908) var den mest brukte spelemannen gjennom mange tiår av 1800-talet. Han var også den viktigaste læremeisteren for yngre spelemenn i nedre Setesdal og må på mange måtar ha sett ein mal for korleis felemusikk i Setesdal skulle vere.|thumb]]
[[Fil:TorjusOdden 0001.jpg|Torjus Odden (Torjus Olavson 1825 – 1908) var den mest brukte spelemannen gjennom mange tiår av 1800-talet. Han var også den viktigaste læremeisteren for yngre spelemenn i nedre Setesdal og må på mange måtar ha sett ein mal for korleis felemusikk i Setesdal skulle vere.|thumb]]
<onlyinclude>'''[[Frøyrak (Bygland)|Frøyrak]]''' er gard nr. 55 i [[Bygland kommune]]. Gardsvaldet femner om eit areal på om lag 13 500 da i to teigar. Hovudteigen ligg omkring garden, ved fjorden og innover til og med Røyrfjell. Det verkar ikkje naudsynt å tenke seg at Frøyrak har gått ut frå nokon annan gard, men det er vanleg å tenke seg at opphavsgardane hadde gardsvald som gjekk frå fjord til langstreng, dvs til Åserals-grensa. Det har ikkje Frøyrak, og ein må då tenke seg at garden i svært gamal tid har gått ut frå Dale. Den andre teigen er eit heieområde omkring Ormslivatna, mellom gardsvalda til Dale og Horverak/Tveitå. Det finst ikkje kjelder som kan fortelje om korleis dette området kom under Frøyrak, anna enn det at begge bruka har sin del av Ormsli, slik at Ormsli må ha høyrd med frå før bruksdelinga midt på 1600-talet.</onlyinclude>
<onlyinclude>'''[[Frøyrak (Bygland)|Frøyrak]]''' er gard nr. 55 i [[Bygland kommune]]. Gardsvaldet femner om eit areal på om lag 13 500 da i to teigar. Hovudteigen ligg omkring garden, ved fjorden og innover til og med Røyrfjell. Det verkar ikkje naudsynt å tenke seg at Frøyrak har gått ut frå nokon annan gard, men det er vanleg å tenke seg at opphavsgardane hadde gardsvald som gjekk frå fjord til langstreng, dvs til [[Åseral kommune|Åserals-grensa]]. Det har ikkje Frøyrak, og ein må då tenke seg at garden i svært gamal tid har gått ut frå [[Dale (Bygland)|Dale]]. Den andre teigen er eit heieområde omkring Ormslivatna, mellom gardsvalda til Dale og [[Horverak (Bygland)|Horverak]]/[[Tveitå (Bygland)|Tveitå]]. Det finst ikkje kjelder som kan fortelje om korleis dette området kom under Frøyrak, anna enn det at begge bruka har sin del av Ormsli, slik at Ormsli må ha høyrd med frå før bruksdelinga midt på 1600-talet.</onlyinclude>


Etter [[Oluf Rygh]]s ''[[Norske Gaardnavne]]'' er første leddet i gaardsnamnet gudenamnet Frøy (eller Frøya), andre leddet kan hende -akr (åker), men mest truleg –rak. Denne endinga er ikkje sikkert tolka. Ho blir gjerne sett i samband med verbet å reke. Å tolke –rak som –veg/sti blir då nærliggande, men høver ikkje alltid godt, og slett ikkje her. Tormod Tveitå har difor utvikla sin eigen hypotese: -rak kan ha samanheng med det som rek i vassdrag og blir liggande ved strendene, slik at endinga –rak får tydinga –strond.
Etter [[Oluf Rygh]]s ''[[Norske Gaardnavne]]'' er første leddet i gaardsnamnet gudenamnet Frøy (eller Frøya), andre leddet kan hende -akr (åker), men mest truleg –rak. Denne endinga er ikkje sikkert tolka. Ho blir gjerne sett i samband med verbet å reke. Å tolke –rak som –veg/sti blir då nærliggande, men høver ikkje alltid godt, og slett ikkje her. Tormod Tveitå har difor utvikla sin eigen hypotese: -rak kan ha samanheng med det som rek i vassdrag og blir liggande ved strendene, slik at endinga –rak får tydinga –strond.


==Fornminne==
==Fornminne==
På Sikkomodden rett sør for tuna låg ein gravhaug som vart utjamna litt etter århundreskiftet. Dette var etter segna grava til Frutti Frøyrak. Ei stor steinhelle som vel var dekke over gravkammeret vart teken vare på og står oppreist nær staden der grava var. Her vart det seinare (ved harving) funne ei ringspenne av bronse. I området er det også funne flintreiskap, og i strandkanten nedanfor tuna finst slagg etter jarnvinne. Langs strendene frå garden og til vika nord for Hagenes er det gjort funn etter steinalderbuplassar.
På Sikkomodden rett sør for tuna låg ein gravhaug som vart utjamna litt etter århundreskiftet. Dette var etter segna grava til [[Frutti Frøyrak]]. Ei stor steinhelle som vel var dekke over gravkammeret vart teken vare på og står oppreist nær staden der grava var. Her vart det seinare (ved harving) funne ei ringspenne av bronse. I området er det også funne flintreiskap, og i strandkanten nedanfor tuna finst slagg etter jarnvinne. Langs strendene frå garden og til vika nord for Hagenes er det gjort funn etter steinalderbuplassar. På Berge er ein gravhaug inne i dalsøkket, ved sørenden for den gamle slåttemarka. Ved Kopsås er ein gravhaug. Denne skal etter segna vere grava til Gyro Muggsdtr.
På Berge er ein gravhaug inne i dalsøkket, ved sørenden for den gamle slåttemarka.
Ved Kopsås er ein gravhaug. Denne skal etter segna vere grava til Gyro Muggsdtr.


==Diplom==
==Diplom==
Frå 1400-talet er kjend 3 diplom med tilknytning til Frøyrak (alle trykte i Diplomatarium Norvegicum). I 1434 kunngjer Tore Eivindson at han har seld si jord Frøyrak til Leidulv Jonson. I 1436 får Leidulv Jonson kvittering av kannik og korsbror Olav Eirikson for tre års rekneskap for Årdal kyrkje. I 1453 var der sjaund (gravøl) på Frøyrak etter Torbjørg Tallaksdtr. Der vart arven etter henne dela mellom dei to borna hennar, og Leidulv Jonson kjøpte det ho hadde ått i Frøyrak. I brevet er det også tale om dei øydejordene som Torbjørg åtte og dei som Leidulv åtte.
Frå 1400-talet er kjend tre diplom med tilknytning til Frøyrak (alle trykte i ''[[Diplomatarium Norvegicum]]''). I 1434 kunngjer Tore Eivindson at han har seld si jord Frøyrak til Leidulv Jonson. I 1436 får Leidulv Jonson kvittering av kannik og korsbror Olav Eirikson for tre års rekneskap for [[Årdal kyrkje (Bygland)|Årdal kyrkje]]. I 1453 var der sjaund (gravøl) på Frøyrak etter Torbjørg Tallaksdtr. Der vart arven etter henne dela mellom dei to borna hennar, og Leidulv Jonson kjøpte det ho hadde ått i Frøyrak. I brevet er det også tale om dei øydejordene som Torbjørg åtte og dei som Leidulv åtte.


==Odelsætta/første kjende brukar==
==Odelsætta/første kjende brukar==
Når Leidulv Jonson i to omganger kunne kjøpe partar i Frøyrak, må ein kunne tru han høyrde til odelsætta. Han må ha budd i Årdal sokn, og mykje truleg på Frøyrak – men det er ikkje heilt sikkert. Derimot må Torbjørg Tallaksdtr ha budd der ettersom sjaunda var der. Noko samanheng mellom desse og seinare brukarar på Frøyrak er ikkje kjend.
Når Leidulv Jonson i to omganger kunne kjøpe partar i Frøyrak, må ein kunne tru han høyrde til odelsætta. Han må ha budd i [[Årdal sokn]], og mykje truleg på Frøyrak – men det er ikkje heilt sikkert. Derimot må Torbjørg Tallaksdtr ha budd der ettersom sjaunda var der. Noko samanheng mellom desse og seinare brukarar på Frøyrak er ikkje kjend.
Av eit brev frå 1622 går det fram at den første sikkert kjende brukaren på Frøyrak, Nils Gunnarson (nemnd 1594 1624) hadde odelen sin frå si mormor Åslaug. Åslaug var også mormor til ein søskjenflokk i Vegusdal som selde sin arvepart i Frøyrak til Nils. Åslaug må ha vore fødd tidleg på 1500-talet, men meir er ikkje kjend om ho. Truleg var det ein annan del av odelsætta som sat på Kiland i Fyresdal, dei hadde ein stor eigarpart i Fyresdal omkring midten av 1600-talet.
Av eit brev frå 1622 går det fram at den første sikkert kjende brukaren på Frøyrak, Nils Gunnarson (nemnd 1594 &ndash; 1624) hadde odelen sin frå si mormor Åslaug. Åslaug var også mormor til ein søskjenflokk i Vegusdal som selde sin arvepart i Frøyrak til Nils. Åslaug må ha vore fødd tidleg på 1500-talet, men meir er ikkje kjend om ho. Truleg var det ein annan del av odelsætta som sat på Kiland i Fyresdal, dei hadde ein stor eigarpart i Fyresdal omkring midten av 1600-talet.
Torjus Jørundson (ca. 1608 1674) som brukte halve Frøyrak frå 1640-åra av, må ha høyrd til same odelsætta. Han og sønene kom etterkvart til å eige heile Frøyrak og er forfedrane til dei seinare brukarane fram til i dag.
Torjus Jørundson (ca. 1608 &ndash; 1674) som brukte halve Frøyrak frå 1640-åra av, må ha høyrd til same odelsætta. Han og sønene kom etterkvart til å eige heile Frøyrak og er forfedrane til dei seinare brukarane fram til i dag.


==Eigedomstilhøve==
==Eigedomstilhøve==
Landskylda til Frøyrak var 4 huder, seinare nedsett til 3 huder. Av dette måtte brukarane betale leige for 3 kalvskinn til kyrkja. Då Torjus Jørundson kom inn på Frøyrak, vart garden dela i to like bruk, kvart på 18 kalvskinn. I 1730-åra selde Torjus Ommundson på bruk 1 (”der heime”) halvtanna kalvskinn til grannen på bruk 2 (”der nord”), slik at dei to gardane fekk skylda 16 ½ ksk og 19 ½ ksk. Kyrkjegodset i garden vart innløyst omkring midten av 1800-talet. I 1884 var det utskifting av sameige i innmarka.
[[Landskyld]]a til Frøyrak var 4 huder, seinare nedsett til 3 huder. Av dette måtte brukarane betale leige for 3 kalvskinn til kyrkja. Då Torjus Jørundson kom inn på Frøyrak, vart garden dela i to like bruk, kvart på 18 kalvskinn. I 1730-åra selde Torjus Ommundson på bruk 1 ([[Der heime (Frøyrak, gnr 55/1)|Der heime]]) halvtanna kalvskinn til grannen på bruk 2 ([[Der nord (Frøyrak, gnr 55/1)|Der nord]]), slik at dei to gardane fekk skylda 16 ½ ksk og 19 ½ ksk. [[Kyrkjegods]]et i garden vart innløyst omkring midten av 1800-talet. I 1884 var det utskifting av sameige i innmarka. I 1918 vart plasset Geitelia (offisielt namn: ([[Solli (Frøyrak, gnr 55/3)|Solli]]) skild ut som bruk 3.
I 1918 vart plasset Geitelia (offisielt namn: Solli) skild ut som bruk 3.


==Støylar og øydegardar==
==Støylar og øydegardar==
Veiledere, Administratorer, Skribenter
34 043

redigeringer