Fregattskip

Eit fregattskip eller ein fullriggar, tidlegare òg kalla fregatt, er eit skip med tre eller fire (unntaksvis fem) mastrer med skværseglrigg på alle mastrer. Mastrene på fregattskip er, rekna frå baug til hekk:

Fregattskipet «Den opgaaende Sol» i 1785.
Fullriggeren Sørlandet
  1. fokkemastra
  2. stormastra
  3. kryssmastra
  4. jiggermastra (berre på fir- og femmastra skip)