Fron kommune: Forskjell mellom sideversjoner

1 158 byte lagt til ,  11. mai 2012
Linje 10: Linje 10:
Kommunaldepartementet, fylket og Stortinget vann allikevel fram med forslaget om storkommune. Historia vart trekt inn i debatten, nemleg at Fron hadde vore ein kommune frå 1837 til 1952. Stortinget kunne heller ikkje sjå at det var naturlege grenser mellom bygdene, Kommunane sjølve hadde førebudd samanslåing gjennom felles institusjonar som [[Gudbrandsdal landsgymnas]] og Vinstra-utbygginga. På 1960-talet forhandla dei to bygdebankane om samanslåing, og kulturelt var det fellestrekk og samarbeid. Til dømes hadde dei to bygdene eitt lokalhistorielag, [[Fron historielag]] (skipa i 1928).     

Trass i lokal motstand vart dei ti åra med storkommune ei vokstertid for kommunen. Skoleverket vart oppbygd, helse- og sosialsektoren fekk mange nye oppgåver, mange nye arbeidsplassar vart skapte, og store bustadfelt vart bygde opp. Særleg tettstaden Vinstra hadde stor auke i folketalet. Vinstra (i Nord-Fron) vart senter for kommuneadministrasjonen, men mellom anna på grunn av protestar frå Sør-Fron fekk ein del av kommuneadministrasjonen dobbeltkontor, eitt i sør og eitt i nord.

Fron kommune klarte å balansere brukkbart mellom nord og sør, men i Sør-Fron ulma det alt frå starten i 1966. Eit aksjonsutval for deling vart skipa i 1967, tilslutta ein landsomfattande organisasjon for kommunar som ønska å skilje lag att. Akjsonsutvalet vann fram med at det skulle gjennomførast folkerøysting i Sør-Fron om deling av storkommunen samtidig med EEC-røystinga i 1972, og oppteljina viste at 85 % av stemmene var for deling.
Departementet og fylket gjekk lenge mot å dele opp att Fron, men våren 1976 kom kommunalkomiteen til Fron for å studere saka med eigne auge. Den 31. mai godkjende Stortinget at kommunen kunne splittast opp.   

Veiledere, Administratorer
172 820

redigeringer