Furnia

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 28. okt. 2013 kl. 08:51 av Eldar Høidal (samtale | bidrag) (Ny side: '''Furnia''' er ei møbelbedrift i Sykkylven, skipa i 2012. Furnia er ein fusjon av tre møbelbedrifter Sandvik (Ørsta), Sitwell (Stordal) og Rajo (Sykkylven). Bedrifta har hovudkon...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Furnia er ei møbelbedrift i Sykkylven, skipa i 2012. Furnia er ein fusjon av tre møbelbedrifter Sandvik (Ørsta), Sitwell (Stordal) og Rajo (Sykkylven). Bedrifta har hovudkontor i det tidlegare fabrikkbygget til Hjellegjerde Møbler i Sykkylven.

Dei tre bedriftene som har gått saman i Furnia hadde gjennom fleire år eit samarbeid på salssida. Dei var alle relativt små i størrelse og innsåg etter kvart at det ville ble positve synergiar om dei tok samarbeidet eit steg vidare. I vurderinga av kvar dei skulle opprette fellesadministrasjon la dei vekt på at dei ville vere i eit miljø med gode støttefunksjonar for møbelproduksjon. Valet fall då på Sykkylven som framleis er den kommunen i landet med flest møbelbedrifter.

Dei tre tidlegare produsentane fyller kvarandre ut. Rajo har lenge vore kjent som ein leverandør av salongmøblar i mellomklassa, Sandvik var spesialist på møblar for spisestove og kjøkken, medan Sitwell har harr ein allsidig salongmøbelproduksjon. Furnia kan då, som ein av dei få, tilby komplette interiør til kundane sine, i første rekkje møbelkjedane.

Lars Urtegård er dagleg leiar for selskapet.