Fyresvatn

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 31. aug. 2011 kl. 14:43 av Olav Momrak-Haugan (samtale | bidrag) (Ny side: '''Fyresvatn''' er den største innsjøen i Fyresdal kommune. Fyresvatn er 57,6 km2, ligg i ei høgde av 279m o. h. og er 26km langt. Største djupna er 369m. Det ligg sentralt i kommu...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Fyresvatn er den største innsjøen i Fyresdal kommune.


Fyresvatn er 57,6 km2, ligg i ei høgde av 279m o. h. og er 26km langt. Største djupna er 369m. Det ligg sentralt i kommunen sin sørlege del og set sitt preg på heile landskapet.

Fyresdalsvassdraget er ein del av Arendalsvassdraget (Nidelva). Frå Fyresvatn renn Fyresdalsåna ut i innsjøen Drang. Elva frå denne møter elva frå innsjøen Nisser i Nissedal kommune og renn vidare mot sør under namnet Nidelva.


Namnet

Det gamle namnet på Fyresvatn er Fyrir. (Fyrir-sæ)

Ser vi i Leiv Heggstad: Gamalnorsk ordbok, s. 189, står det:

Fyri, fýri (subst.) 1. fyre, furuskog, furuved

Fyrir (prep) 1. fyre – framanfor, nedanfor, i vegen for, i fyrevegen.

Preposisjonen fyrir er stadig forveksla med substantivet fyri og teke til inntekt for at namnet på dalen kjem av furu. Men etter gamal tradisjon kjem namnet av at dette vatnet låg framom ein, i vegen for ein, då innvandrarar kom opp mot dalføret for å slå seg til her i dalen. Framom seg hadde dei vatnet og på båe sider var det bratte fjell. Dette gjorde det umogleg å koma vidare opp til sjølve dalen ved å ferdast langs vatnet. Dette vatnet som låg framom dei var med det i vegen for ferdsel vidare, og fekk slik det logiske namnet Fyrir, det (vatnet) som ligg i vegen. Dei kom altså til Fyrirsæ og vidare til Fyrirsdalir.