Fyring

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Gressetgeita er ein fyring av aurgjeldstypen.
Foto: Olve Utne

Ein fyring, òg kalla firing, er ein båt med fire par årar. Namnet blir særlig bruka om geitbåtar og åfjordsbåtar. I samband med årfjordsbåter blir namnet fyreng òg bruka om båter med fem par årar i nyare tid. Fyringen var den minste havbåten og i likheit med femringen vart han tradisjonelt gjerne bruka som linebåt. Han kunne òg fungere som føringsbåt ved behov. Innover på 1900-talet vart åfjordsfyringane ofte bruka til fiskeoppkjøp og salting.

Ordet fyring ('båt med fire par årar') blir helst uttala med kort ynordmøring og fosenmål, i motsetning til ordet fyring ('opptenning'), som har lang y.