Gausel-dronninga: Forskjell mellom sideversjoner

ingen redigeringsforklaring
Ingen redigeringsforklaring
Ingen redigeringsforklaring
Linje 7: Linje 7:
==Gravgåvene==
==Gravgåvene==
Grava på Gausel er ei av dei rikaste kvinnegravene vi kjenner frå vikingtid. Den gravlagte hadde fått med seg omtrent 40 gjenstandar. Det dreidde seg mellom anna om to ovale draktspenner av sølv og bronse, ei likearma sølvspenne, to armringar av sølv, ein fingerring av jet, fem mosaikkperler, to knivar, 12 bisselbeslag av bronse, tre drikkehorn (berre endebeslaga var bevarte), eit treskrin med beslag og hank (sjølve skrinet var ikkje bevart), steikepanne, steikespidd, eit bronsekar med løveforma hankefeste, bronsebeslag til eit relikvieskrin og hestetenner. Beinrestar etter den døde kom ikkje for dagen, slik at det truleg dreier seg om ei ubrent gravlegging (brente bein er meir motstandsdyktige mot nedbryting).

==På plyndring i Irland?==
Fleire gjenstandar i grava har opphav i Irland. Det dreier seg om bisselbeslaga, bronsekaret, drikkehornbeslaga og beslaget til relikvieskrinet. Mesteparten av dette stammar truleg frå irske kyrkjer og klostre. Det er derfor rimeleg å tru at dei fann vegen over Nordsjøen som resultat av plyndring heller enn handel. På Musees des Antiques Nationales i Paris finst to beslag som er heilt like det eine beslaget frå Gausel. Dei har truleg blitt produserte på same staden for å brukast som beslag på gavlsidene av husforma relikvieskrin. Arkeologen Egil Bakka hevda at kvaliteten på dei irske importsakene er så høg, at det truleg må vera nøye utvalde ting. Han antyder at "Gausel-dronninga" kan ha vore i slekt med Olav Kvite, som herska i Dublin frå 853 til 871.

==Nye undersøkingar==
==Nye undersøkingar==
I 1997 undersøkte Arkeologisk museum i Stavanger eit område på Gausel i samband med bustadbygging. Det blei påvist ei rekkje busetjingsspor i området, mellom anna fleire graver og stolpehol etter bygningar. Like ved restane av ei førhistorisk smie låg ei lita steinsamling på kring 2 x 2 meter. Under denne kom ei steinlegging for dagen som minna om skildringa av Gausel-dronninga si grav. Det vart funne mellom anna jernnaglar, deler av jernbeslag, glasbitar og eit lite bronsefragment. På eit reimbeslag av jern blei det funne spor av sølv. Funnbiletet høvde godt med gjenstandane frå Gausel-dronninga si grav, og då hestetenner dukka opp, var ein ikkje lenger i tvil om grava var gjenfunne etter 114 år. Grava var så lita at kvinna berre kan ha fått med seg hestehovudet og ikkje heile hesten.       

==Litteratur==
Fleire gjenstandar i grava har opphav i Irland. Det dreier seg om bisselbeslaga, bronsekaret, drikkehornbeslaga og beslaget til relikvieskrinet. Mesteparten av dette stammar truleg frå irske kyrkjer og klostre. Det er derfor rimeleg å tru at dei fann vegen over Nordsjøen som resultat av plyndring heller enn handel. På Musees des Antiques Nationales i Paris finst to beslag som er heilt like det eine beslaget frå Gausel. Dei har truleg blitt produserte på same staden for å brukast som beslag på gavlsidene av husforma relikvieskrin. Arkeologen Egil Bakka hevda at kvaliteten dei irske importsakene er så høg, at det truleg må vera nøye utvalde ting. Han antyder at "Gausel-dronninga" kan ha vore i slekt med Olav Kvite, som herska i Dublin frå 853 til 871.
*Bakka, Egil: Gauselfunnet og bakgrunnen for det. I: Arkeologiske skrifter fra Historisk Museum i Bergen. Nr 7. 1993
*Børsheim, Ragnar L.: Nye undersøkelser av Gauseldronningens grav. I: Frá haug ok heiðni. Nr 4. 1997
*Eriksen, Heidi Tangen: Utgravningene på Gausel i Stavanger - Gauseldronningens grav gjenfunnet. I: Frá haug ok heiðni. Nr 4. 1997